Facebook ikon Twitter logo Print side

Avfallsortering ved bygging

  • Alle som skal byggja, riva eller rehabilitera bygg av ein viss storleik, skal laga ein planfor korleis avfallet skal handterast. Dette gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova. Planen skal sendast til kommunen for godkjenning.
  • Minst 60 % av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindra at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusera mengda byggavfall, og auka gjenbruk og gjenvinning.
  • Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten senda inn sluttrapport og kvitteringar frå avfallsmottakar som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane. Byggavfall kan berre leverast til mottak som er godkjent for handtering av byggavfall. I Fjell kommune er dette Norsk Gjenvinning og Franzefoss. Levering på gjenbruksstasjonen til Fjellvar er ulovleg.
  • Sluttrapport skal sendast inn saman med søknad om ferdigattest, og skal godkjennast av kommunen.
  • Kravet om avfallsplan og sluttrapport gjeld mellom anna nybygg over 300 m2 bruksareal eller riving/rehabilitering av bygg over 100 m² bruksareal

Publisert: 25.05.2016 16:15
Sist endret: 25.05.2016 16:16
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00