Facebook ikon Twitter logo Print side

Avløp

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Kommunale tenester knytt til offentleg vatn og avløp vert levert gjennom selskapet FjellVAR (vatn, avløp og renovasjon). Selskapet sørgjer dessutan for tømming av private slamavskiljarar .

Informasjon om avløp frå FjellVAR

Pris

Gebyr for offentleg vatn, avløp og renovasjon vert fakturert av FjellVAR.

Satsane går fram av Gebyrregulativ for vatn og avløp og Gebyrregulativ for innsamling av avfall frå hushald og fritidsbustadar. Du finn også prisar for levering på gjenvinningsstasjon:

Prisar og gebyrregulativ for vatn, avløp og renovasjon frå FjellVAR

Feilmelding

For feil og manglar i avløpssystemet, kontakt FjellVAR sin vakttelefon 917 29 717

Avløpsanlegg

FjellVAR etablerer, driftar og held vedlike offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Formålet er å samla opp avløpsvatn, transportera vatnet til eigna reinseanlegg og sjøresipient. Avløpsvatn betyr her vatn frå bustadar og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn.

Som hovudregel skal busetnad og verksemder vera kopla til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning (offentleg). Kommunen eller fylkesmannen gjer enkeltvedtak om utbetring ved forureining frå private stikkleidningar og anlegg.

Om FjellVAR

Selskapet skal stå for forvalting, planlegging, utbygging og drift av vass- og avløpsanlegga i Fjell kommune, og skal vere ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall.

FjellVAR sørgjer for å levere drikkevatn av svært god kvalitet, og dei tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette. FjellVAR byggjer ut nye anlegg for vassforsyning og avløpshandtering. Heile aktiviteten blir finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.


Publisert: 25.05.2016 14:58
Sist endret: 25.05.2016 15:03
FjellVAR AS

Besøksadresse:

Lonavegen 20
5353 Straume

Posadresse:

Lonavegen 20

Telefon: 56 31 59 30

Kontaktperson: Vakt

Telefon: 917 29 717