Facebook ikon Twitter logo Print side

Fylling/planering

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er fylling/planering?

Fylling eller planering er her alle former for tilførsel av masser til eit område, eventuelt utjamning av stadeigna masser.

Når må eg søkja om løyve?

Som regel er tiltak som omfattar fylling eller planerig, søknadspliktig etter minst eit regelverk. Formålet med tiltaket vil ofte vera utslagsgjevande for kva regelverk som gjer seg gjeldande og kva søknadar du må levera.

Det er nokre (få) kombinasjonar der ein slepp unna å søka, men vi tilrår å avklara dette med kommunen før tiltak vert sett iverk.

Regelverk

Kva er dei forskjellige typar/regelverk eg kan måtta søkja etter?

Terrenginngrep

Plan og bygningslova, dersom søknaden til dømes gjeld utfylling for bygging, veg eller parkerking.

Bakkeplanering

Forureiningsforskrifta, dersom søknaden gjeld utfylling på dyrka mark med landbruk som formål.

Merk at både for bakkeplaneringar og nydyrking må du også ha vedtak etter plan- og bygningslova for å kunne sette i verk tiltak.

Nydyrking

Lov om nydyrking, dersom søknaden gjeld utfylling av udyrka mark, med landbruk som formål.

Merk at både for bakkeplaneringar og nydyrking må du også ha vedtak etter plan- og bygningslova for å kunne sette i verk tiltak.

Skjema

Terrenginngrep krev utfylling av fleire typar skjema. Du bør ta kontakt med kommunen før du søkjer, eventuelt be om ein førehandskonferanse.

Bakkeplanering krev ikkje utfylling av skjema, men det er fleire punkt du må sildra i søknaden.

Nydyrking krev utfylling av skjema Søknad om godkjenning av plan for nydyrking (SLF-0160).

Saksgang

Søknad om terrenginngrep som er i samsvar med plan vert behandla innan tre veker dersom det vert søkt som ein eit-trinnssøknad, 12 veker ved rammesøknad. Dersom tiltaket er i strid med plan, og er avhengig av dispensasjon, vil søknaden verta behandla innan 12-16 veker.

Søknad om bakkeplanering etter forureiningsforskrifta vert behandla innan 3 veker.

Søknad om Nydyrking skal sendast på høyring i minimum ein månad til kultur og miljømyndighetene før behandling.

Gebyr

Gebyr for førehandskonferanse og behandling av søknad om terrenginngrep vert fakturert av Fjell kommune. Satsane går fram av lokale forskrifter om kommunale gebyr, 4.5 eller punkt 4.11.

Det er ikkje gebyr for behandling av søknader om bakkeplanering eller nydyrking.

Dersom tiltaket er stort, vert det lagt inn på kommunen sin tilsynsplanen. Tiltakshavar må betala gebyr (timesats), for periodisk kontroll iht. tilsynsplan. Gebyr for tilsyn og kontroll går fram av lokale forskrifter om kommunale gebyr, punkt 3.5.


Publisert: 13.06.2016 15:48
Sist endret: 13.06.2016 15:58
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00