Facebook ikon Twitter logo Print side

Graveløyve - offentleg veg

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Skal du grava i offentleg veg?

Før du skal utføra gravearbeid, må du melda frå om dette. Det er viktig for å forhindra ulukker og erstatningsansvar ved eventuelt kabelbrudd. Skal gravinga skje på kommunal veg eller grunn, skal det søkjast om graveløyve til kommunen.

Det skal alltid vera ein ansvarshavende entreprenør (eventuelt offentlig teknisk etat) for graving i offentlig veg.

Vilkår og krav

Det er vedtekne eigne Reglar for graving i offentlig veg- og gategrunn. Desse gjeld for all graving i eller ved offentleg veg.

Ansvarhavende entreprenør

Det skal alltid vera ein ansvarshavende entreprenør (eventuelt offentlig teknisk etat) for graving i offentlig veg.

Den som skal være ansvarshavande entreprenør for eit anlegg i eller ved offentleg veg, skal ha fullt kjennskap til desse reglane. Ved si underskrift har ansvarleg entreprenør forplikta seg for å følgja dei retningslinjene som er påkrevd.

  • Ansvarleg entreprenør har eit særleg ansvar for at det er gjort tilstrekkelege undersøkingar om det finst andre anlegg i vegen på staden det skal gravast i.
  • Entreprenøren må ha fullt oversyn over dette, sjølv om annan person har gjort dette tidligare.
  • Avkryssing på søknadskjema gjeld som forpliktande erklæring om at det er gjort tilstrekkelege undersøkingar. Manglende avkryssing kan føra til avvist søknad.
  • Ansvarleg entreprenør skal gje nødvendig orientering om reglane til oppdragsgjevar.
  • Eigenkontroll skal utførast, og skjema framvisast på ferdigsynfaring. Garantida gjeld eitt år frå ferigsynfaring er utført. Entreprenør er ansvarleg for ferdigstilling.
Ansvarshavande eigar (oppdragsgjevar)

Søknad om graveløyve skal alltid signerast av eigar av anlegget.

Ved si underskrift skal eiegaren (oppdragsgjevaren):

  • Påta seg ansvaret for det ferdige anlegget for hendingar og skadar som anlegget har påført veg eller tredjemann.
  • Garantera for at entreprenørens pliktar etter reglene vert oppfylt.
  • Vedkjenna til ei kvar tid gjeldande offentlege vilkår for å ha anlegg på offentleg veg eller grunn.
Vilkår for å ha liggjande leidnings- og kabelanlegg i offentleg veg og grunn

Tilstand til veghaldar er gjeve mellombels. Leidnings- og kabeleigar er forplikta til, for eiga rekning, å gjera dei nødvendege endringane med leidning og eller kabelanlegget – eventuelt fjerna det – dersom veghaldar seinare finn det naudsynt.

Vilkår for løyve
  • Mogleg ulempe for leidnings- eller kabelanlegget ved veghaldars vedlikehald-, reparasjons- eller utbetringsarbeid er veghaldar uvedkommande.
  • Veghalder har heller ikke ansvar for skadar/ulemper på leidnings- eller kabelanlegg som følgej av trafikkbelastning på vegen.

Søknad

Søk om graveløyve Arbeidsvarslingsplan

Graving må ikkje startast opp før søknad om graveløyve er godkjend.

Handbok/rettleiing for ansvarleg entreprenør


Publisert: 01.07.2016 08:27
Sist endret: 01.07.2016 08:30
Eigedom

Besøksadresse:

Bildøybakken 105
5343 Straume

Telefon: 55 09 60 00