Facebook ikon Twitter logo Print side

Grensejustering og makeskifte

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

For å retta opp ulagelege grenser mellom eigedommar kan det utførast ei grensejustering. Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast mellom eigedommane (jf. matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34).

Makeskifte er ei gjensidig overføring av areal mellom to eigedommar.

Ved grensejustering og makebytte trengst det ikkje skrivast ut skøyte. Partane må underskriva eigen avtale om grensejustering i samband med oppmålingsforretninga.

Kva kan gjerast ved ei grensejustering?

Arealet for involverte eigedommar kan ved ei grensejustering aukast eller reduserast, men omfanget er avgrensa når det gjeld fleire forhold:
• Areal kan endrast med frem prosent og maksimalt 500 m2.
• Kjøpesummen/verdien på arealet må vera under 1G (grunnbeløp i folketrygda).
• Forhold i gjeldande planar (areal/regulering) kan avgrensa moglegheit for å gjennomføra grensejustering

Kva kan gjerast ved makeskifte?

Ved makeskifte skal areala vera nokolunde like i storleik og verdi. Ei eining kan likevel ikkje avstå areal som i sum overstig 20 prosent av arealet eininga hadde før justeringa. Nettoareal skal vera innafor fem prosent.

Illustrasjon døme
Døme

Kven kan rekvirera?

Grensejustering/makebytte kan rekvirerast/bestillast) av heimelshavar (eigar), fester, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, jf. matrikkellova § 9.

Kva skal rekvisisjonen innehalde?

Rekvisisjonsskjema skal sendast til kommunen saman med situasjonskart der justert grense er teikna inn.
Hugs at heimelshavar (eigar) av begge dei involverte eigedommane må skriva under rekvisisjonsskjema.

Saksgang

Etter at søknaden er motteken blir det vurdert om den er innanfor reglane for grensejustering.
Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning vert sendt til heimelshavarane og naboar til den aktuelle grensestrekninga. Partane vrt varsla seinast 2 veker i forkant dersom ikkje anna er avtalt (jf. matrikkelforskrifta § 37). Dersom nokon skal møta i staden for dei som er innkalla, må dei ha skriftleg fullmakt til dette.

Det vert halde oppmålingsforretning over arealet som skal justerast. Ny grensestrekning skal merkast i marka og målast. Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga. Grensejusteringa vert ført i matrikkelen.

Matrikkelbrev: Etter at saka er ført i matrikkelen, vert det skrive ut matrikkelbrev som vert sendt rekvirenten(ane). Partane har 3 vekers klagefrist frå matrikkelbrevet er motteke.

Skjema og vedlegg

Skjema

Rekvisisjon av oppmålingsforretning – for saker etter matrikkellova, unntatt fra byggesaksbehandling

Vedlegg

  • Fullmakt (dersom andre enn heimelshavar søkjar)
  • Situasjonskart

Pris

Gebyr for oppmålingstenester vert fakturert av Fjell kommune.

Pris kart og oppmåling

Lenker og lovverk

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) 
Forskrift om eigedomsregistrering (matrikkelforskrifta) 
Kart


Publisert: 25.05.2016 17:25
Sist endret: 25.05.2016 17:32
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00