Facebook ikon Twitter logo Print side

Grensepåvising

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Påvising/ny merking av grense etter målebrev/matrikkelbrev.
Dette gjeld grenser som er koordinatbestemte i tidlegare kart- og delingsforretning eller oppmålingsforretning.

Kven kan rekvirera grensepåvising?

Påvising/ny merking av eksisterande grenser kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, jf. matrikkelova § 17. I dei tilfella der det er eit firma som er eig eigedommen, skal firmaattest av nyare dato leggjast ved.

Kva skal rekvisisjonen innehalda?

På rekvisisjonsskjema skal det kryssast av for ”Ny merking av eksisterande grensepunkt tidlegere….)
Kart der det går tydeleg fram kva punkt som skal merkast på nytt, eller kopi av målebrev der punkt som skal merkast på nytt er markert.

Skjema og vedlegg

Skjema

Rekvisisjon av oppmålingsforretning – for saker etter matrikkelloven, unntatt fra byggesaksbehandling

Vedlegg

  • Fullmakt (dersom andre enn heimelshavar søkar)
  • Situasjonskart

Saksgang

Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, blir varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning sendt til rekvirent og naboar til den aktuelle grensestrekninga.

Partane skal varslast seinast 2 veker i forkant dersom ikkje anna er avtalt (jf. matrikkelforskrifta § 37). Skal nokon møta i staden for dei som er innkalla, må dei ha skriftleg fullmakt til dette. Det blir her vist til vedtektene i matrikkelforskrifta § 36, klarlegging av eksisterande grense.

Under oppmålingsforretninga påviser landmålar dei grensepunkta som ifølge rekvisisjonane skal påvisast/merkast på nytt. Nye grensemerke vert eventuelt sett ned og målt. Det vert ført protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.

Matrikkelbrev: Etter at saka er ført i matrikkelen, vert det skrive ut matrikkelbrev som blir sendt rekvirenten(ane). Partane har tre vekers klagefrist frå matrikkelbrevet er motteke.

Pris

Gebyr for oppmålingstenester vert fakturert av Fjell kommune.

Pris kart og oppmåling

Lenkjer og lovverk


Publisert: 25.05.2016 16:25
Sist endret: 25.05.2016 16:30
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00