Facebook ikon Twitter logo Print side

Jakt og fiske

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Jegerprøve

Vil du jakta, må du først ta jegerprøven. Du må ta obligatorisk jegerprøvekurs og ein teoretisk eksamen. For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med godkjent arrangør, t.d. Sotra og Øygarden Jeger og Fiskarforening.

Informasjon om jegerprøven på heimesida til Sotra og Øygarden Jeger og Fiskarforening

Jakt på småvilt og fugl

  • Retten til jakt høyrer til grunneigar. Ta kontakt med grunneigar for løyve til jakt.
  • Jakttid for dei ulike artane finn du på heimesida til Miljødirektoratet.

Informasjon om jakttid på Miljødirektoratet si heimeside

Jakttid for hjort

  • Jakttida for hjort er frå og med 1. september til og med 23. desember.
  • Jakt kan berre finna stad innanfor eit godkjent jaktvald (jaktområde). Kommunen skal godkjenna jaktvalda. Minste areal for godkjenning er 1 000 dekar.
  • Søknadsskjema for godkjenning av jaktvald finn du på heimesida til Miljødirektoratet.
  • For oversikt over godkjende jaktvald i Fjell kommune, ta kontakt med viltansvarleg.

Søk om godkjenning av jaktvald 

Skada hjort

For hjort som vert påkjørt eller skada på anna måte skal det gjennomførast ettersøk. Meld frå til lensmannen eller Ettersøkingsringen som har døgnope vakttelefon nr. 948 54 645.

Hjort som gjer skade i hagar, åker og eng

  • Det vert ikkje gjeve løyve til å fella hjort som beiter i hagar. Huseigar må sikra eigedomen med gjerde på minst 1,8 m for å halda dyra ute.
  • Landbrukseigedomar i aktiv drift kan søkja kommunen om skadefelling dersom skaden på produksjonsareal er vesentleg og får økonomiske følgjer for brukar.
  • Normalt skal verdien av kjøtet frå skadefelling overførast til kommunalt viltfond.

Skotpremie på villmink og rev

  • Villmink har ikkje fredingstid, og kan jaktast på heile året. Skotpremien er kr 75,- per dyr.
  • Jaktperiode for raudrev er frå 15. juli til 15. april. Skotpremien er kr 500,- per dyr.
  • Dyra må visast fram for kommunal viltforvaltning på rådhuset for registrering og merking. Viltforvaltninga kan ikkje ta vare på ferdigregistrerte dyr. Den som kjem med mink og rev for registrering må ta hand om dei i ettertid.
  • Dyra må ikkje kastast saman med hushaldsavfallet. Det vert tilrådd at dyra vert gravne ned.

Fritidsfiske

Det er fritt fiske i sjøen og på havet, men med to unntak:

  • Fiske inst i Fjellspollen er regulert grunna krav om fiskekort i Fjellsvassdraget.
  • Fiske innafor 100 meter frå utlaupet av Litlepollen er forbode i perioden 16.09 – 30.06.

Det er som hovudregel ikkje krav om fiskekort for fiske i innsjø/elvar i Fjell kommune. Vanlegvis er det heller ikkje nødvendig med løyve frå grunneigar til såkalla tålt fiske med stong frå land. For fiske med garn må ha samtykke frå grunneigar.

Det er krav om fiskekort for fiske i Fjellsvassdraget. Dette kan du kjøpa på Statoilstasjonen (Fjell gard) og hjå Sotranot as (Sartor storsenter).

Fiskeperioden er frå 01.07 – 15.09.


Publisert: 24.05.2016 14:18
Sist endret: 24.05.2016 14:30
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00