Facebook ikon Twitter logo Print side

Kart

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

I dei digitale kartløysingane til Fjell kommune får du tilgang på ulike kartlag med mykje informasjon. «Enkelt kart» er tilrettelagt for dei som ønskjer ei enkel og rask innsynsløysing, uavhengig av plattform (pc, mac, nettbrett og mobil). «Avansert kart» gir deg innsyn i alle kartlaga. Løysinga er utvikla for bruk på datamaskin og eignar seg dårlig på andre plattformar. 

Digitale kart

Oversikt over kartlag og kartløysingane til kommunen
Enkelt kartAvansert kart
Oversiktskart og grunnkart Oversiktskart og grunnkart
Eigedom og bygning Eigedom og bygning
Plandata (begrensa funksjonalitet) Plandata
Flyfoto Flyfoto
  Situasjonskart
  Adresse- og vegkart
  Arealressurskart (markslagsdata)
  Hellingskart
  Eksterne kart (WMS)
  Diverse temakart

Kommunen tek atterhald om at det kan førekoma feil og manglar i kartløysingane. 

Tips

  • Enkelt kart fungerer på alle plattformar (PC, mobil, nettbrett).
  • Avansert kart er berre utvikla for bruk på PC. Løysinga er utvikla og testa med Microsoft Internet Explorer, Mozilla Firefox og Opera. Det kan førekomme feil ved bruk av andre nettlesarar.
  • For å opna dokument i t.d. planregisteret, treng du ein pdf-lesar. Dette kan du laste ned gratis her.

Slik brukar du kartet

Enkelt kart

Teikne- og målefunksjonar i Enkelt kart

Teikne

  • Du kan teikne punkt, linje og flate (vel blant fanene øvst imenyen).
  • Du kan velje mellom ulike parametrar:
    • punkt- og linjetype
    • storleik
    • farge
    • gjennomsiktigheit (flate)
  • For å slette eller flytte eit objekt du har teikna trykkar du på Rediger, vel objektet og flytter det eller trykkar Slett for å fjerne det.
  • Vil du fjerne alt du har teikna vel du Slett alle.

Måle

  • Same som teikning, men berre med linje og flate.
  • Hak av for Vis mål på kartet.
  • Dobbeltklikk der du vil avslutte målinga.

Tekst

  • Tekst kan leggast til i kartet med tekst-fana.
  • Skriv inn tekst, vel storleik og farge.
  • Trykk i kartet der du vil plassere teksta.
  • For å flytte: Vel Rediger. Deretter trykk og hald inne på punktet som kjem opp over teksta og flytt til ønskja plassering.

Snap

Når Snap er haka av vil nye objekt du teiknar kunne «snappe» til eksisterande objekt.

Utskrift

På Utskrift I hovudmenyen kan du lagre eller skrive ut kartutsnitt med det du har teikna og/eller målt.

Avansert kart

Brukarrettleiing finn du her.

Kjøp av kartdata

Papirkart kan du få ved å venda deg til servicetorget i kommunen. Det kostar kr 30 per kart A3 og A4.

Digitale kartdata og ortofoto kan bestillast gjennom Infoland, eventuelt via Avansert kart. Prisen blir automatisk berekna ut frå valt areal og type produkt. Bestillinga kan leverast på formata SOSI, DXF, SHAPE, DWG og ESRI Filgeodatabase.

Andre kartløysingar

Artskart
Kvalitetssikra, stadfesta informasjon om artar i Noreg.

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF)
Kart med oversikt over friluftsområde i 17 kommunar i Bergensregionen, deriblant Fjell kommune.

Fiskeridirektoratet
Kartløysing med data om akvakultur, fiskeri og plan og sjøareal.

Gårdskart
Arealressursar og arealtal for den enkelte landbrukseigedom.

Hordanamn
Kartteneste med stadnamnformer og lydfiler med uttale av namn frå Hordaland.

Høydedata.no
Kartportal for nasjonale detaljerte høgdedata (laserdata). Du kan sjå på og laste ned høgdedata. Oversikt over laserskanningsprosjekt i Noreg.

Kilden
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudtema er landskap, jordsmonn, reindrift og skog.

Kulturminnesøk
Kart, bilete og informasjon om norske kulturminne.

Kystinfo
Kartløysing frå Kystverket med bl.a. ulike typar sjøkart, landkart, satellitt- og flyfoto, farleier, naturvernområde, ankringsområde og beredskapstema.

Miljøstatus
Omfattande kartløysing med tema knytt til miljø, samfunn, arealplanar m.m.

Nasjonal arealinformasjon
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudvekt på berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn.

Naturbase kart
Kart over utvalde natur- og friluftsområde.

Norge i bilder
Oversikt over ortofoto for heile landet.

Norgeskart
Kartverket sin landsdekkande kartløysing som mellom anna har landkart og sjøkart.

Sjå eigedom
Eigedomskart med grenser, gards- og bruksnummer, adresser, matrikkel- og grunnboksinformasjon for eigedommar i Noreg.

Turkart – UT.no
Kartløysing frå Den Norske Turistforening med turforslag, hytter og overnattingsstadar i heile landet.

Vegkart
Statens vegvesen sin kartløysing med offentleg informasjon om vegane i Noreg.


Publisert: 09.05.2016 16:08
Sist endret: 16.05.2018 15:22