Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunen sine planar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplanar

Her finner du alle vedtekne reguleringsplaner i Fjell kommune.

I planregisteret får du informasjon om når planen ble vedteken, planomtale, føresegner, plankart og politisk behandling av planen.

Sjå reguleringsplanar i kartet

Kva er ein reguleringsplan?

Reguleringsplan er ein plan som fastset vilkåra for arealbruk og busetnad innanfor eit avgrensa område. Planen består av eit kart med tilhøyrande føresegner og skildring av tiltaka.

Skal du regulere eigedom?

Områderegulering

Områderegulering er kommunen sitt planverktøy for å avklara arealbruken for større område, meir detaljert enn i ein kommuneplan. Les meir om denne type arealplanlegging hos regjeringen.no.

Kommuneplan

Arealdelen til kommuneplanen

Arealdelen til kommuneplanen gjev føringar for kva dei ulike areala i kommunen skal brukast til. Planen skal samordna viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gje føringar for utarbeiding av meir detaljerte planar.

Hovudmålsettinga i arealplanen til Fjell kommune er «Gjennom eit planstyrt og tilpassa utbyggingsmønster, legga til rette for ei mangfaldig samfunnsutvikling med fokus på gode og varierte bustadmiljø sentralt og i utkantane, med særleg vekt på å ivareta element av lokal kultur og historie knytt til grendestrukturen i kommunen. Det skal leggast til rette for utvikling av eit framtidsretta næringsliv i Fjell».

Den enkelte grunneigar kan ikkje ta i bruk areala sine på ein måte som er i strid med arealdelen til kommuneplanen. Dette betyr ikkje at eksisterande, lovleg bruk av areal automatisk må opphøyre, sjølv om dei er i strid med planen.

Arealdelen til kommuneplanen

Plandokumenta kan sjåast i servicetorget på rådhuset, Fjell folkeboksamling på Straume.

Revisjon av kommuneplanen

Kommunestyret skal ein gong kvar valperiode vurdera behovet for å endra planen. Rullering av gjeldande kommuneplan starta i 2012 og vart avslutta med vedtak i kommunestyret 18.6.2015.

Detaljar frå rulleringa

Kommunedelplan areal

Kommunedelplan samfunn

Pågåande planar

Areal

Samfunn

Andre planar

Fag- og temaplanar

Strategier

Kommunal planstrategi

Prioriteringar og satsingar vert styrt av Planstrategien for Fjell kommune 2016 – 2019.

Kommunal planstrategi er heimla i plan- og bygningslova (§10-1), og skal utarbeidast minst éin gong kvar valperiode. Føremålet med den kommunale planstrategien er å prioritera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for best å møta kommunen sine behov.

Planstrategien er basert på kommunen sine strategiske val for samfunnsutviklinga, samt nasjonale og regionale føringar.

Fjell kommune ved komité for drift og forvaltning gjorde 8. mars 2016 vedtak om forslag til planstrategi for 2016-2019. Forslaget vert med dette gjort offentleg i samsvar med plan- og bygningslova §10-1.

Dokument:

Handlingsprogram, økonomiplan og årsbudsjett

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak. Kravet om handlingsdel er nedfelt i § 11-1 og § 11-4 i plan- og bygningslova. Det er vanleg å slå saman kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplanen. I Fjell kommune vert også planstrategien vanlegvis rullert årleg, saman med handlingsprogram, økonomiplan og årsbudsjett. Planstrategien vert ikkje rullert i år.

Handlingsprogrammet viser kommunen sine prioriteringar av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver, og konkretiserer tiltaka som kommunen skal arbeida med i løpet av dei komande fire budsjettåra.

Rådmannen rapporterer på status på tiltaka i handlingsprogrammet i årsmeldinga.

Handlingsprogram 2018-2021 viser kva administrative tiltak som skal prioriterast i perioden.
Det er til saman 27 tiltak i programmet. Tiltaka er delt inn i ni samfunnstema:

  • Samfunnsutvikling
  • Administrasjons- og organisasjonsutvikling
  • Samferdsle
  • Eigedomsforvalting
  • Helse, sosial og omsorg
  • Barnehage og skule
  • Miljø, klima og beredskap
  • Digitalisering
  • Kultur og friluftsliv

Handlingsprogram 2018-2021, Økonomiplan 2018-2021 og Årsbudsjett 2018

Årsmeldingar

Årsmeldinga er rådmannen sin presentasjon av kva for tenester kommunen har produsert, grad av måloppnåing og årsrekneskap. Meldinga er primært retta mot politikarane, men skal og fungera som eit informasjonsdokument for innbyggjarane i kommunen, næringsliv og andre interesserte.

Årsmelding 2017

Kort forklart

Kommunestyret sine planoppgåver og planmynde

Kommunestyret har ansvaret for den kommunale planlegginga og skal sørgja for at plan- og bygningslova vert fylgt i kommunen. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi, kommuneplan, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Kommunen organiserer arbeidet med den kommunale planlegginga, og opprettar dei utvala og treff dei tiltaka som er nødvendige for gjennomføring av planlegginga. Kommunestyret skal sikra at kommunen har tilgang til nødvendig planfagleg kompetanse.

Kommunal planstrategi

Dokument der det nye kommunestyret ut frå kommunen sine utfordringar tek stilling til om kommuneplanen skal reviderast eller ikkje, og om det er andre viktige planoppgåver som skal prioriterast i kommunestyreperioden. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi seinast eitt år etter at det er konstituert. Heimla som krav i § 10-1 i plan- og bygningsloven.

Kommuneplan

Alle kommunar skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel som dekkjer heile kommunen sitt areal. Heimla som krav i § 11-1 i plan- og bygningslova.

Samfunnsdelen til kommuneplanen

Samfunnsdelen er verktøyet for den heilskaplege planlegginga i kommunen, og for strategisk overordna styring. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen vektleggja viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, og synleggjera dei strategiske vala kommunen tek. Spesielt viktig er dette for sentrale samfunnsforhold som vekst og utvikling, folkehelse, miljø, barn og unge, integrering, samferdsle og næringspolitikk.

Kommuneplanen skal vidare synleggjera utfordringar, mål og strategiar for kommunen som tenesteleverandør og organisasjon.

Arealdelen til kommuneplanen

Arealdelen til kommuneplanen er ein oversiktsplan som viser hovudtrekka av korleis areala i kommunen skal brukast og vernast, og kva som må takast omsyn til ved disponering av areala for å oppnå måla for den ønska samfunnsutviklinga. Arealdelen omfattar arealkart, føresegner og planskildring med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbaranalyse. Arealdelen til kommuneplanen er bindande for framtidig arealbruk, og vedteken plan skal leggast til grunn for vidare planlegging og forvalting.

Kommunedelplan

Ein kommunedelplan kan utarbeidast for eit geografisk område, eit tema eller for eit tenesteområde, og er i planlova tenkt som ei utdjuping av kommuneplanen. Planen følgjer same lovverk som arealdelen til kommuneplanen. Kommunedelplaner for ein del av kommunen sitt areal vert vedtatt med rettsverknad.

Kommuneplanprosess

Ein kommuneplanprosess er ein planprosess som følgjer prosessreglane for kommuneplanlegging i plan- og bygningslova. Kommunen må ha fylgt prosessreglane for å kunna vedta kommuneplanen. Prosessreglane er:

  • Planoppstart skal varslast.
  • Det skal lagast eit planprogram som vert lagt ut til høring og offentleg ettersyn i minst seks veker før kommunen fastset det.
  • Forslag til kommuneplan skal leggjast ut til høring og offentleg ettersyn i minst seks veker. Vedtatt kommuneplan skal kunngjerast.
Rullerande kommuneplanlegging

Rullerande kommuneplanlegging inneber at kvart kommunestyre i starten av kommunestyreperioden går gjennom den gjeldande kommuneplanen og tek stilling til om den skal reviderast eller ikkje. Dette vert gjort gjennom vedtaket av den kommunale planstrategien.

Denne rulleringa av kommuneplanen vert ofte kalla fireårshjulet. I tillegg går "årshjulet" med årleg rullering av handlingsdel med økonomiplan, årsbudsjett og årsmelding/rekneskap og tertialrapportar.

Planprogram

Program for korleis planprosessen skal gjennomførast og kva hovudspørsmål planarbeidet skal ta opp. Kommunen bestemmer sjølv innhaldet i planprogrammet. Planprogrammet skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn i seks veker, og fastsetjast av kommunestyret. Kommunestyret kan delegera denne mynda etter kommunelova.

Medverknad

Medverknad inneber at befolkning, næringsliv og organisasjonar skal få høve til å komma med innspel og synspunkt når det vert utarbeidd planar etter plan- og bygningslova. Etter § 5-1 i plan- og bygningslova har alle som utarbeidar og fremjar planforslag plikt til å leggja til rette for medverknad, særleg for grupper som elles ikkje så lett kjem til orde i planprosesser, t.d. barn og unge. Det er viktig å tilpassa opplegget til planoppgåva, slik at det ikkje vert lagt opp til medverknad om spørsmål det i realiteten er vanskeleg å medverke om.

Fag- og temaplanar

Fag- og temaplanar omfattar planar som handlar om kommunen sine tenesteområde eller særskilte tema. Fag- og temaplaner er ikkje nødvendigvis planar etter plan- og bygningslova og treng ikkje handsamast etter lova sine prosessreglar. Nokre av planane er lovpålagte etter sektorlovar, medan andre vel kommunen å utarbeida sjølv. Eksempel på fag- og temaplanar i Fjell kommune er handlingsplan for rusomsorg, plan for skulehelsetenesta og plan for informasjonstryggleik.

Strategi

Ein strategi skal synleggjera og avklara prioriterte satsingsområder og verkemiddelbruk innanfor eit tema eller eit fagområde. Det er ingen formelle krav til prosess og medverknad. Eit strategidokument vert ofte nytta til meir intern bruk, og har ingen formell status utover kommunalt vedtak med politiske prioriteringar.

Handlingsdel

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak. Handlingsdelen gjev grunnlag for kommunen sine prioriteringar av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver, og konkretiserer tiltaka innanfor kommunen sine økonomiske rammer. Det er vanleg å slå saman kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplanen. Kravet om handlingsdel er nedfelt i § 11-1 og § 11-4 i plan- og bygningslova.

Økonomiplan

Kommunestyret skal etter § 44 i kommunelova ein gong i året vedta en rullerande økonomiplan. Økonomiplanen skal omfatta minst dei fire neste budsjettår, omfatta heile kommunen si verksemd og gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.

Interkommunalt plansamarbeid

Interkommunalt plansamarbeid inneber at to eller fleire kommunar samarbeider om planoppgåver. Gjennom interkommunalt plansamarbeid kan planoppgåver som går på tvers av kommunegrensene løysast, og kommunane kan utnytta felles kompetanse. Plan- og bygningslova har eigne reglar om interkommunalt plansamarbeid som kommunane kan bruka om det er ønskeleg.

Regional planmynde

Fylkestinget er regional planmynde etter plan- og bygningslova og skal vedta regional planstrategi og regionale planar.

Regionale mål

Mål som vert vedteke av fylkestinget som planmynde. Vert vedteken gjennom regionale planar.

Regional planstrategi

Gjer greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, og avklarar kva spørsmål som skal takast opp gjennom regionale planar i fylkestingsperioden. Skal vedtakast av fylkestinget.

Regionalt planforum

Møteplass for å klarleggja statlege, regionale og kommunale interesser i arbeidet med regionale og kommunale planar. Vert administrert av fylkeskommunen.

Nasjonale mål

Staten har gjennom stortingsmeldingar og rundskriv lagt ei rekkje nasjonale mål for planlegginga i kommunar og fylke. Måla gjeld mange samfunnsområde, og kan for eksempel i arealplanlegginga stå i konflikt med kvarandre.

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging

Gjev ei oversikt over interesser og oppgåver regjeringa meiner det er viktig at fylkeskommunane og kommunane fokuserer på i planlegginga for å bidra til gjennomføring av gjeldande nasjonal politikk. Skal etter § 6-1 i plan- og bygningslova vedtakast ein gong kvart fjerde år.

Kommunane sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å ta i vare både lokale, regionale og nasjonale omsyn og interesser i planlegginga.

Motsegn

Dersom det i ein arealplan fremja av kommunen er konflikt med nasjonal eller regional interesse, kan fylkeskommunen eller berørt statleg mynde fremja motsegn. Motsegn inneber at kommunen ikkje kan vedta arealplanen med endeleg rettsverknad. Motsegn kan fremjast til kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan for areal, eller reguleringsplan.

Kommunen sitt plansystem

Kommuneplanlegginga er eit viktig verktøy for det lokale folkestyret og kommunen som organisasjon og samfunn. Gjennom planlegging kan ein leggja til rette for ønska samfunnsutvikling, arealforvalting og tenesteproduksjon. For å få eit enkelt og godt kommunalt plansystem må det vera ein samanheng mellom kommunen sine ulike planar. Det må vera ein raud tråd frå kommuneplanen via fag- og temaplanar til handlingsdel med økonomiplan.

Kommunal planstrategi


Publisert: 08.01.2018 09:03
Sist endret: 18.01.2018 13:58