Facebook ikon Twitter logo Print side

Fag- og temaplan - Overordna risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS-analysar)

Alle kommunar pliktar å gjennomføra ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) knytt til samfunnstryggleik i kommunen. Fjell kommune har vedteke to overordna ROS-analysar, KystROS 2014 og KommuneROS 2014. KystROS 2014 er eit interkommunalt prosjekt for kommunane Askøy, Austevoll, Fjell, Sund og Øygarden.

Analysane gir eit risikobilete av bl.a. klimaendring og naturulykker, epidemiar og helseberedskap, fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdommar og landbruk, svikt i infrastruktur, storulykker, atomulykker og radioaktiv stråling og akutt forureining.

KommuneROS 2014 er ein tilleggsdel for Fjell kommune, og tek for seg risiko knytt til skred, ekstremnedbør, vind, høg vasstand og skog- og lyngbrann.

Dokument


Publisert: 08.01.2018 11:29
Sist endret: 08.01.2018 11:30