Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunedelplan for Nordre Litlesotra

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kort fortalt

  • Kommunedelplanen skal visa samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Målet med planarbeidet er å legga grunnlaget for eit godt nærmiljø for framtidas innbyggjarar på nordre Litlesotra.
  • Den 17.01.2017 behandla politikarane sak om oppstart av kommunedelplan for nordre Litlesotra. Her finn du saka  og protokollen.
  • Planarbeidet er no i ein tidlig fase, der medverknad og innsamling av kunnskap til planarbeidet er i fokus.

Innhald

Illustrasjon bilete

Politisk behandling

Den 17.01.2017 behandla politikarane sak om oppstart av kommunedelplan for nordre Litlesotra. Her finn du saka  og protokollen.

Bakgrunnsdokument og gjeldande planar

I arealdelen til kommuneplanen er det lagt eit krav om at det skal lagast ein overordna plan for den nordre delen av Litlesotra. Som oppfølging av dette plankravet har kommunen starta opp arbeidet med ein kommunedelplan for området. Viktige tema i planarbeidet vil vera:

  • Friluftsliv og nærturterreng
  • Teknisk og sosial infrastruktur
  • Utbyggingsmønster og utbyggingstakt
  • Fortettingspotensiale i eksisterande bustadområde
Planprosess

Planarbeidet er no i ein tidlig fase, der medverknad og innsamling av kunnskap til planarbeidet er i fokus.

Medverknad

Dette er ein innspelsportal der alle innbyggjarane kan komma med innspel til "Min favorittplass". Gå inn på lenka https://medverknad.offentleg.no/ og vis oss kva som er gode plassar i ditt nærområde. Du kan også komma med innspel til kva som ikkje er så bra og kva som kan gjera at plassen kan opplevast som meir attraktivt, trivelegare eller tryggare. Vi ønskjer så mange og forskjellige tilbakemeldingar som mogleg!

Gode plassar kan til dømes vera område som vert brukt av barn til leik og aktivitetar. Kanskje brukar du ein fin snarveg til skulen, arbeid, trening eller andre aktivitetar? Har du eit svaberg eller ein utkiksplass du pleier å dra til for å oppleva fint eller rufsete vêr? Du kan også fortelja oss om ein bygning du er spesielt glad i eller oppteken av.

Min Favorittplass
Dine innspel er viktige for at kommunen skal få informasjon om innbyggjarane sin ønskjer og behov. Gjennom medverknad frå deg, vil kommunen sine avgjerder bli betre og meir hensiktsmessige enn utan denne kunnskapen. Kommunen ønskjer å bruka medverknad for å få vita meir om kva som har betyding for bu- og oppvekstmiljø. Informasjonen vi får inn vil kunna brukast vidare i arbeidet med kommunedelplanane for Straume og nordre Litlesotra.
Min favorittplass

Trafikkagenten
Som ein del av eit nasjonalt folkehelseprosjekt, er Fjell kommune i gang med å kartleggja trafikktryggleik ved hjelp av applikasjonen Trafikkagenten. Dette er ein måte å få fram barn sine stemmer og innblikk i deira perspektiv på skulevegen. Barna vil kunna melda frå om kva som er bra og kva som er mindre bra, og kanskje borna sjølv har forslag til løysingar som vil gjera skulevegen betre. Hensikta er å skapa tryggare skulevegar og stimulera til meir fysisk aktivitet og mindre bilkøyring.

Foreløpig er kartlegginga gjennomført i 4 ulike klassetrinn på Bjorøy skule og 3 på Foldnes skule. No er det Brattholmen og Danielsen barneskular som står for tur.
Trafikkagenten

Sosiale medier
For å spreie informasjon om kommunedelplanprosessane vil kommunen nytta sine eigne og Nye Øygarden kommune sine heimesider og Facebook:

Fjell kommune på Facebook
Nye Øygarden kommune på Facebook


Publisert: 08.01.2018 10:33
Sist endret: 05.02.2018 13:10