Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunedelplan samfunn - Trafikksikringsplan 2017 - 2020

Fjell kommunestyre vedtok kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 i møte 24/11-16.

Kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 (TS-planen) er ei rullering av TS-plan 2013-2016/2020. Tekstdelen inneheld mindre endringar, medan handlingsdelen er revidert. Sykkel er komen inn som eit nytt satsingsområde i planen, noko som gjev fem satsingsområde i planperioden:

  1. Barn og unge: auka tryggleiken for mjuke trafikantar.
  2. Trafikantåtferd: prioritera førebyggjande og haldningsskapande arbeid.
  3. Sykkel: Fjell skal bli ein kommune der det er attraktivt og trygt å sykla.
  4. Arealplanlegging og utbygging: trafikksikring skal prioriterast i all planlegging, sakshandsaming, politiske vedtak og utbygging.
  5. Ulukker: redusera talet på personskadeulukker med 20% i planperioden.

Formålet med planen er å leggja grunnlaget for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid på lokalplanet. Planen fordelar 28 millionar kroner til trafikksikringstiltak i åra 2016 til 2020. Midlane vert fordelte på konkrete tiltak på det kommunale vegnettet, i tillegg til førebyggjande og haldningsskapande arbeid. Det står att nokre tiltak med midlar frå førre planperiode. Desse vert vidareført i ny planperiode.

Planen set av 100 000 kroner i året til førebyggande og haldningsskapande arbeid. Skular, barnehagar, lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til arrangement, materiell eller ulike trafikkopplæringsprosjekt. Det skal òg bli arrangert ein årleg trafikksikringsdag i kommunen.

TS-planen legg også fram ei liste over naudsynte tiltak på fylkesvegane. Det er Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen som har ansvaret for fylkesvegane. Lista må leggjast til grunn når fylkeskommunen og Vegvesenet prioriterer og budsjetterer vegprosjekt og trafikksikringstiltak. Det må arbeidast både politisk og administrativt for å få prioritert arbeid på vegnettet i Fjell.

Hovuddokument

Vedlegg


Publisert: 08.01.2018 10:30
Sist endret: 08.01.2018 10:48