Fjell jobbar aktivt med utviklinga av regionsenteret Straume, og på denne sida kan du følgja dei ulike prosjekta som er knytt opp til denne utviklinga.
Evaluering av kommunedelplan for Straume – frå kjøpesenter til by?
Evalueringa er gjort ut i frå eit gjennomføringsperspektiv, og i rapporten frå arbeidet ligg det tilrådingar for den vidare utviklinga av Straume.
Rapporten er også framstilt gjennom ei kartfortelling, som viser utviklinga frå 2006 og fram til i dag.
Kartfortellinga finn du her.
Rullering av kommunedelplan for Straume
Planen skal styrka Straume si rolle som eit berekraftig regionsenter for eit stadig veksande omland.
Den 26.10.2017 behandla politikarane i Fjell sak om oppstart av rullering av kommunedelplan for Straume.
Planarbeidet er no i ein tidlig fase, der medverknad og innsamling av kunnskap til planarbeidet er i fokus.
Sist endret: 07.02.2019