Facebook ikon Twitter logo Print side

Pågåande plan samfunn - Plan for kulturminne 2016 - 2020

Fjell kommune er i gang med utarbeiding av plan for kulturminne. I medhald av planstrategi for Fjell skal planen utarbeidast som temaplan. Planen vil i hovudsak ta for seg faste kulturminne.

Komite for drift og forvalting godkjende i møte 07.06.2016 framlegg til arbeidsprogram for kulturminneplanen for utlegging til offentleg høyring.

Storasundet på Kulturminnedagane 2002
Storasundet på Kulturminnedagane 2002

Arbeidsprogrammet skal gjera omgjevnader og aktuelle mynde kjende med planarbeidet på eit tidleg i prosessen. Programmet skal gjere greie for føremål med planarbeidet, synleggjera kva tema som skal utgreiast og skildrast, gje føringar for planprosess og leggja til rette for medverknad.

Formålet med kulturminneplanen er å kartlegge og prioritere kulturminne som er viktige lokalt. Dette er kulturminne som i framtida vil danne grunnlag for opplevingar, kunnskap og ressursgrunnlag for verdiskaping. Ved å sette kulturminnevernet på dagsorden kan ein skape eit godt grunnlag for ei heilskapleg kulturminneforvalting til bruk i arealplanlegging og byggesakshandsaming. Planen vil skape meir føreseielege tilhøve for eigarar av kulturminna og medverka til at folk flest får auka kunnskap og interesse for kulturminne.

Målet er godkjend plan hausten 2017.

Dokument

Dokument

Dokumenta ligg også til ettersyn i høyringsperioden 20.07-21.09.2016

  • Servicetorget i Fjell rådhus
  • Fjell Folkeboksamling, Straume

Innspel til arbeidsprogrammet kan sendast innan 21. september 2016 til: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume merka « Kulturminneplan saksnummer 2013/2644» elektronisk skjema for høyringssvar

Kontaktinformasjon: Plan- og utbyggingssjefen v/Arealplanleggjar Aud Raknem, e-post aud.raknem@fjell.kommune.no


Publisert: 08.01.2018 11:20
Sist endret: 08.01.2018 11:21