Facebook ikon Twitter logo Print side

Rullering av kommunedelplan for Straume

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kort fortalt

Innhald

Flyfoto over Straume

Politisk behandling

I 2006 vedtok Fjell ein ambisiøs og framtidsretta kommunedelplan, som har fungert som overordna styringsverktøy for utvikling og utbygging av Straume. Kommunen har snart 12 års erfaring med forvaltning av planen. Det er nødvendig å gjennomføre ei rullering for å tilpasse planen til nyare vedtak og føringar.

Den 26.10.2017 behandla politikarane sak om oppstart av rullering av kommunedelplan for Straume.

Bakgrunnsdokument og gjeldande planar

I 2006 vedtok Fjell ein ambisiøs og framtidsretta kommunedelplan, som har fungert som overordna styringsverktøy for utvikling og utbygging av Straume.

Det er ein plan med ei klar målsetting og sterke føringar for at Straume skal utviklast frå kjøpesenter til fullverdig urbant regionsenter med tilknyting til sjøen. Straume skal vera funksjonelt og framtidsretta, både når det gjeld offentlege rom og næringsområde. Planen skal sikra viktige trekk i landskapet, god tilgjenge for alle og høg arkitektonisk kvalitet på bygg og anlegg med uterom.

Kommunedelplanen har som målsetting å styrka Straume si rolle som eit berekraftig regionsenter for ein stadig veksande region.

Plankart 
Planomtale og føresegner 
Planprogram for Straume

Planprosess

Informasjon kommer

Medverknad

Dette er ein innspelsportal der alle innbyggjarane kan komma med innspel til "Min favorittplass". Gå inn på lenka https://medverknad.offentleg.no/ og vis oss kva som er gode plassar i ditt nærområde. Du kan også komma med innspel til kva som ikkje er så bra og kva som kan gjera at plassen kan opplevast som meir attraktivt, trivelegare eller tryggare. Vi ønskjer så mange og forskjellige tilbakemeldingar som mogleg!

Gode plassar kan til dømes vera område som vert brukt av barn til leik og aktivitetar. Kanskje brukar du ein fin snarveg til skulen, arbeid, trening eller andre aktivitetar? Har du eit svaberg eller ein utkiksplass du pleier å dra til for å oppleva fint eller rufsete vêr? Du kan også fortelja oss om ein bygning du er spesielt glad i eller oppteken av.

Min Favorittplass
Dine innspel er viktige for at kommunen skal få informasjon om innbyggjarane sin ønskjer og behov. Gjennom medverknad frå deg, vil kommunen sine avgjerder bli betre og meir hensiktsmessige enn utan denne kunnskapen. Kommunen ønskjer å bruka medverknad for å få vita meir om kva som har betyding for bu- og oppvekstmiljø. Informasjonen vi får inn vil kunna brukast vidare i arbeidet med kommunedelplanane for Straume og nordre Litlesotra.
Min favorittplass

Trafikkagenten
Som ein del av eit nasjonalt folkehelseprosjekt, er Fjell kommune i gang med å kartleggja trafikktryggleik ved hjelp av applikasjonen Trafikkagenten. Dette er ein måte å få fram barn sine stemmer og innblikk i deira perspektiv på skulevegen. Barna vil kunna melda frå om kva som er bra og kva som er mindre bra, og kanskje borna sjølv har forslag til løysingar som vil gjera skulevegen betre. Hensikta er å skapa tryggare skulevegar og stimulera til meir fysisk aktivitet og mindre bilkøyring.

Foreløpig er kartlegginga gjennomført i 4 ulike klassetrinn på Bjorøy skule og 3 på Foldnes skule. No er det Brattholmen og Danielsen barneskular som står for tur.
Trafikkagenten

Sosiale medier
For å spreie informasjon om kommunedelplanprosessane vil kommunen nytta sine eigne og Nye Øygarden kommune sine heimesider og Facebook:

Fjell kommune på Facebook
Nye Øygarden kommune på Facebook


Publisert: 08.01.2018 10:33
Sist endret: 05.02.2018 13:10