Facebook ikon Twitter logo Print side

Konsesjon

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er konsesjon?

Konsesjon betyr i dette høvet «løyve til å eiga» fast eigedom. Konsesjonslova er ei særlov knytt til landbruket, og har til føremål å regulera og kontrollera omsetting av faste eigedom for å oppnå eigar- og brukstilhøve som er formålstenleg for landbruket og samfunnet.

Når treng ein konsesjon?

Når du ervervar eigedom (dvs kjøper, får eller arvar), kan det vera konsesjonsplikt på eigendomen. Dette avheng m.a. av storleik og ervervar si stilling (ektefelle, o.l.).

Konsesjonslova inneheld mange unntak frå konsesjonsplikten. Sjå rettleiinga hjå Landbruksdirektoratet eller kontakt kommunen.

Når treng eg ikkje konsesjon?

Du kan ha fritak frå konsesjonsplikten på grunn av slektskap til seljar, eller på grunn av tilhøva ved sjølve eigendommen. Sjå rettleiinga hjå Landbruksdirektoratet eller kontakt kommunen. Ein må i disse tilfella senda inn skjema «Eigenerklæring om konsesjonsfrihet».

Når treng eg ikkje «Eigenerklæring om konsesjonsfrihet» ?

Eigenerklæring om konsesjonsfrihet er ikkje naudsynt ved erverv av:

  • bebygd eigendom der arealet er 2 dekar eller mindre.
  • dei fleste typar leilegheiter.
  • ved enkelte andre former for erverv.

Sjå nærare om dette i forskrift om konsesjonsfrihet for meir informasjon eller kontakt kommunen.

Skjema

Skjema for Søknad om konsesjon (LDIR-359) og skjema for Eigenerklæring om konsesjonsfrihet (LDIR-360) finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale og dessutan takst skal leggast ved i original eller stadfest avskrift dersom det fins slike dokument.

Saksgang

Etter erverv av eigendom må ein søkja konsesjon eller levere eigenerklæring. Det er altså ikkje noko ein gjer før kjøpet. Etter at kommunen har motteke komplett søknad vert han behandla innan tre veker.

Ved handsaming av søknad om konsesjon vert det gjort delegert vedtak om godkjenning eller avslag. Skjema for Eigenerklæring om konsesjonsfrihet vert signert og stempla, før det vert returnert.

Gebyr

Gebyr for behandling av søknad om konsesjon vert fakturert av Fjell kommune. Satsane går fram av lokale forskrifter om kommunale gebyr, punkt 5.10 Konsesjonsbehandling. Satsane følgjer statleg regulativ for Enkle/kurante sakar og Andre saker.

Det er ikkje gebyr på behandling av Eigenerklæring om konsesjonsfrihet.


Publisert: 03.05.2016 15:03
Sist endret: 13.06.2016 15:48