Facebook ikon Twitter logo Print side

Nedgravne oljetankar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kartlegging av nedgravde tankar

Fjell kommune og Sotra Brannvern vil kartlegga nedgravne oljetankar i kommunen og samstundes gi eigarar av oljetankar informasjon om lovverk, ansvar, støtteordningar og forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming frå 2020.

Lovverk

Forureiningslova gir eigaren av oljetankar ansvar for den forureininga tanken eventuelt medfører. Dette gjeld alle oljetankar, uansett storleik.

I kapittel 1. i forureiningsforskrifta er det fastsett føresegner om tiltak for å redusera risiko for lekkasjar frå nedgravne oljetankar. Forskrifta har spesifiserte krav om tilstandskontroll av oljetankar som er større enn 3200 liter.

Kommunane har høve til å etablera dei same føresegnene for oljetankar mindre enn 3200 liter i ein lokal forskrift. Fjell kommune har ikkje ei slik lokal forskrift, men vi understrekar at ansvaret ved eventuell forureining er eigar sitt ansvar. Det er dermed i eigar si interesse å halda tanken i forsvarleg stand.

Ansvar

Eigar av ein oljetank er ansvarleg for at tanken og/ eller røyrsystemet ikkje lekk. Ei lekkasje frå ein oljetank kan gjera store skadar på natur, hage, hus og naboeigedommar. Opprydding etter oljelekkasjar er eigar av tanken sitt ansvar og kan vera enormt kostnadskrevjande. Vi har sett døme på oljelekkasjar som har kravd midlertidig utflytting og kosta om lag ein million kronar å rydda opp. Det er derfor svært viktig å følgja med på eigen oljetank for å førebyggja lekkasje.

Ved lekkasje

Akutt Forureining ved oljelekkasje skal meldast til 110.

Da vert oppdraget registrert og aktuell instansar vil verte varsla. Om naudsynt kan Sotra brannvern eller annen utrykkingsinstans bidra i ein akuttfase for å avgrensa skaden. Eigar av oljetanken er ansvarleg for vidare opprydding i forureina grunn. Vi tilrår at ein så raskt som mogleg, tek kontakt med forsikringsselskap og firma som kan avgrense og rydde opp i skaden. Vi tilrår også å nytte miljøkonsulent til å følgja arbeidet og skriva rapprot.

All forureining ved oljelekkasje skal meldast til Fjell kommune.

Vi er lokal forureiningsmynde og vil gi ytterlegare informasjon om lovverk, dokumentasjonskrav og liknande.

Oljetankar som er teken ut av bruk

Nedgravne oljetankar større enn 3200 liter

som vert midlertidig teken ut av bruk skal tømmast og sikrast slik at utilsikta påfylling ikkje kan førekomma. Vert tanken teken ut av bruk permanent skal den tømmast og gravast opp for destruksjon ved godkjent avfallsmottak.

Fjell kommune skal ha skriftleg melding frå den ansvarlege når ein nedgraven oljetank vert teken ut av bruk. Vi vil be om dokumentasjon på at tanken er levert til godkjent avfallsmottak.

Nedgravne oljetankar som er mindre enn 3200 liter

kan stå nedgravne, men dei skal tømmast, gjerast reine og fyllast med godkjent fyllmasse, når dei vert teken ut av bruk. Påfyllingsrøret til tanken skal låsast eller forseglast og merkast med skilt som viser at tanken ikkje er i bruk. Dette for å hindra at utilsikta påfylling kan skjer. Fjell kommune skal ha skriftleg melding frå eigaren om at tanken er teken ut av bruk.

Oppgraving av oljetank

Nedgravne oljetankar som er mindre enn 3200 liter bør gravast opp av fagfolk for å unngå uhell og store oppryddingskostnader. Fjell kommune skal ha melding om at tanken er graven opp. Vi vil be om dokumentasjon på at tanken er levert til godkjent avfallsmottak.

Andre tiltak knytt til oljetank

Installering av nedgraven oljetank krev søknad om tiltak etter plan- og bygningslova. Søknad vert å senda til byggesak@fjell.kommune.no

Nedgravne oljetankar skal kontrollerast og eventuelt reparerast eller skiftast ut. Dette for å førebyggja at oljelekkasje oppstår. Dersom forbruket av olje er unormalt stort, kan det tyde på ein lekkasje. Det er viktig å hugsa at sjølv om utskifting av oljetank eller overgang til anna energikjelde kostar ein del, kan opprydding etter oljelekkasje vera langt dyrare.
Fjell kommune kan gi pålegg om tilstandskontroll av oljetankar som er større enn 3200 liter.

Forbod mot mineralolje til oppvarming frå 2020

Myndigheitene har varsla innføring av forbod mot bruk av fyringsolje og parafin til oppvarming av bygningar frå 2020.Føremålet er å redusera klimagassutsleppa. Det betyr at dei som i dag nytter mineralolje (fyringsolje og parafin) til oppvarming, må finna ei anna løysing før 2020. Det finnes fleire alternativ til mineralolje, mellom anna varmepumper, elektrisk oppvarming, fjernvarme, flis- og pelletskjeler.

Økonomisk støtte frå Enova

Ved utskifting av olje-/parafinfyring, er det viktig at det vert teke i bruk oppvarmingsløysingar som nyttar fornybare energikjelder. Det vert lagt til rette for dette ved at både verksemder og privatpersonar får støtte frå Enova til fjerning av oljetankar og til investering og installasjon av oppvarmingsløysingar med fornybare energikjelder.

Nyttige lenker

www.enova.no
www.sotrabrannvern.no


Publisert: 27.10.2017 11:07
Sist endret: 27.10.2017 11:13