Facebook ikon Twitter logo Print side

Ofte stilte spørsmål - Kart og oppmåling

Kart og oppmåling - FAQ

Kva er matrikkelen, matrikkelnummer og grunnbok?

Matrikkelen er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg. Matrikkelen har informasjon om fast eigedom, bygning og adresser. Det er dei fysiske eigenskapane til eigedomen som vert registert i matrikkelen, til dømes eigedomsgrenser og areal. Det er ulik kvalitet på informasjonen som er registrert i matrikkelen, det er både manglar og feil som gjer at ein må sjekke kvalitet på dei opplysningane ein er ute etter.
Saman med einingsregisteret (Brønnøysundregisteret) og folkeregisterert er matrikkelen eit av dei tre basisregistera i Noreg. Mange aktørar hentar ut informasjon frå matrikkelen, blant anna naudetatane, tinglysinga, Posten, bank, NAV, SSB, forsikringsselskap, skatteetaten osv.

Matrikkelnummer er eigedomen sitt unike nummer og identitet som vert tildelt når eigedomen vert oppretta. Matrikkelnummer består av: kommunenummer, gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller seksjonsnummer (knr./gnr./bnr./fnr./snr.).

Grunnboka er eit offentleg register over tinglyste rettigheitar og hefter i fast eigedom og burettsandelar.
Det er via Kartverket ein kan få kopi/utskrift av tinglyste dokument (grunnbokutskrift),. Ein kan også bruke Kartverket si kartløysing 'Se eigedom'  for å finne denne informasjonen.

Eigedomen min ligg med feil eller er ikkje synleg i kartet?

Kvifor er ikkje eigedomen min i kartet?
Eigedomen er mest sannsynleg ikkje oppretta ved kart- eller oppmålingsforretning, og grensene er då ikkje målt inn med koordinatar. Eigedomar som ikkje er koordinatfesta eller lagt inn i kartet via flyfoto eller liknande i seinare tid, vil ofte ikkje vera synleg i kartet.
Fram til 1980 vart det heldt skylddelingsforretning når ein skulle dele frå ein ny eigedom. Grensepunkta og grenseforløpet vart her skildra med tekst i skyldskiftet. Skyldskifta vart arkivert hjå sorenskrivaren, og seinare hjå Kartverket. Dersom ein ynskjer å kartfesta eigedomen sin i matrikkelen, kan ein rekvirera ei oppmålingsforretning hjå kommunen.

Kvifor er eigedomen min berre ein sirkel i kartet?
Eigedomar som ikkje er oppmålt med koordinatar ligg ofte representert som ein sirkel i kartet; 'sirkeleigedom'. Dette er for å synleggjera ein sirka plassering av eigedomen, men har ingenting med eigedomsgrenser eller storleiken på eigedomen å gjera. Plasseringa av sirkelen kan også vera feil i forhold til kvar eigedomen eigentleg ligg.

Grensene viser feil i kartet til kommunen
Grensene som er registrerte i matrikkelen er av ulik kvalitet. Ein kan i hovudsak skilja mellom grenser som er koordinatfesta («oppmålt»/«god kvalitet»), og grenser som ikkje er koordinatfesta («dårleg kvalitet»). Nokre grenser er digitalisert etter flyfoto, utskiftingskart eller skisser, desse er heller ikkje koordinafesta og er å rekna som grenser med dårleg kvalitet. Ein kan rekvirera oppmålingsforretning eller be om retting i matrikkelen dersom matrikkelen visar feil.

Kor stor er eigedomen min?

Dersom eigedomen er oppmålt, finn du areal i målebrev, matrikkelbrev eller i kartet. Dersom eigedomen ikkje er oppmålt (med koordinatar), må du sjå på skyldskiftet ditt (ca. areal), eller rekvirera ei oppmålingsforretning.

Korleis kan eg veta kva kvalitet det er på grensene på eigedomen?

Mange grenselinjer som er registrert i matrikkelen er ikkje riktige/kan avvike. For å kunne sjå kvaliteten på grenselinjer som er registert i matrikkelen, bruk kommunen sitt «Avansert kart», og vel karttype «Situasjonskart Oppmåling». I teiknforklaringa til venstre for kartet ser ein kva dei ulike linjene tyder. Heilt enkelt kan ein sei at grøn linje = oppmålt med koordinatar som gjev god kvalitet. Ein kan også bruke http://www.seeiendom.no/ for å sjå på kvalitet på grenselinjer.

Vel riktig karttype, og sjå kva kvalitet det er på grensene:
Avansert kart - Situasjonskart oppmåling

Kan kommunen rette opp i feil i kartet?

Dersom eigedomen ikkje er registert med innmålte koordinatar i matrikkelen (ved kart- eller oppmålingsforretning, dom eller tilsvarande), kan ein utføre retting i matrikkelen. Ein må vise til dokumentasjon (til dømes utskiftingskart eller skyldskifter), og alle involverte partar må vera samde i rettinga. Grenser som er innmålt med oppmålingsforretning eller tilsvarande, kan kommunen ikkje endra på utan at det eventuelt vert halde ei ny oppmålingsforretning. Ved ei retting i matrikkelen vil grensene leggast inn med dårleg kvalitet (unøyaktig). For å registrera grenselinjer med god kvalitet, må ein rekvirera oppmålingsforretning.

Sjå meir informasjon om retting i matrikkelen og finn skjema for utfylling her.

Kan eg få kopi av skyldskiftet mitt?

Det er Kartverket og Statsarkivet som har desse dokumenta. Informasjon om tinging av tinglyste dokument finn du på https://kartverket.no/eiendom/. Kartverket har skyldskifter frå ca 1950, skylddelingar før dette må ein gjerne ta kontakt med Statsarkivet for å finne.

Eigedomen skal skøytast over eller har feil eigar

Slike forhold er privatrettslege og må takast via Kartverket og tinglysing. Informasjon kommunen har om heimelshavar, kjem direkte frå det som er tinglyst i grunnboka. Sjå meir informasjon på https://kartverket.no/eiendom/

Naboen har trådd over mine eigedomsgrenser, kva gjer eg?

Slike forhold er privatrettselege. Ein kan rekvirera oppmålingsforretning hjå kommunen for å få hjelp til klarlegging av eksisterande grenser, men det er partane som må vera einige om grensegangen. Dersom ein ikkje kjem til einigheit med naboen, kan ein eventuelt gå til forlik eller til ein domstol. Dersom det er snakk om ulovleg bygging, kan ein ta kontakt med avdeling for byggesak for å få rettleiing. Å fjerne eller flytte grensemerker er straffbart (jfr straffeloven §364).

Kva er verdi/takst på eigedomen min?

Ta kontakt med eigedomsmeklar for å få verdivurdering.

Eigedommen min har ikkje fått tildelt adresse, kan han få det?

Alle bustadar, fritidsbustadar, næringsbygg osv. skal tildelast adresse. Dersom eigedomen din ikkje har adresse, kan du ta kontakt med kommunen og be om å få tildelt adresse. Nokre hytteområder har ikkje direkte tilknyting til veg, og kan dermed ikkje adresserast til vegadresse. Ein har moglegheit til å tildele områdeadresse i slike tilfelle, ta kontakt med kommunen for meir informasjon om dette.

Ekstrene lenker:

Kartverket har mykje informasjon om eigedom, tinglysing med meir på sine nettsider:


Publisert: 25.09.2018 13:02
Sist endret: 25.09.2018 13:07