Overvatn i utbygde område
Problem med overvatn blir meir og meir vanleg i utbygde område. Auka flaumfare fører til utfordringar knytt til bygningar, infrastruktur, helse og miljø. Både årsnedbør og tal på dagar med kraftig nedbør reknar ein med vil auke. Det er viktig å ta omsyn til konsekvensane av fortetting og klimaendringar i overvasshandteringa.
Kartlegging av overvatn og flaum
Fjell kommune har fått utarbeidd ein rapport; Kartlegging av overvatn og flaum i Fjell kommune. Som ein del av denne finst eit aktsemdkart som identifiserer stader ein må vera ekstra merksam på når. Rapporten er kunnskapsgrunnlag for Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020.
Eit viktig mål med rapporten og aktsemdskartet er å førebyggja flaum og utfordringar med overvatn ved prosjektering av tiltak, bygging og utarbeiding av planar. Kartlegginga vil og vera eit verktøy for mellom anna private grunneigarar og kommunen for å sette i verk nødvendige førebyggjande tiltak når det vert varsla mykje nedbør. Døme på dette kan vera å halda vassvegar opne ved å reinska avlaup, grøfter osb. Vassvegar kan vera synlege i dagen som t.d. elver og bekkar, eller dei kan vere skjulte slik som røyr og renner i bakken knytt til private eller offentlege veganlegg og bygningar.
Ressursar
Rapport
Kartlegging av overvatn og flaum i Fjell kommune
Kartlagte område
Oversiktskart som viser områda som er kartlagt
(Tips: Trykk på rammene i kartet for å opne detaljerte utsnitt)
Digital kartløysing
Digital kartløysing
(Dekker dei same områda som kartet over. Fungerer på PC, nettbrett og mobil)
Sist endret: 01.10.2018