Facebook ikon Twitter logo Print side

Reklameskilt - skilt langs veg

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kven gir løyve?

Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode.

Du må søkje om å få setje opp reklameskilt eller liknande innretningar. Av omsyn til trafikktryggleiken må slike gjenstandar ikkje uten løyve plasserast ved kommunal veg eller slik at dei er retta mot trafikken eller er synlege for vegfarande (uansett avstand frå vegen).

Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom skilt/reklame blir sette opp utan løyve og kommunen må fjerne det, må den ansvarlege bere kostnaden.

Målgruppe:

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar
  • Alle som ønskjer å setje opp skilt for ulike føremål

Varsel om fjerning

Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan unnlate å sende varsel dersom det hastar med å fjerne skiltet av omsyn til trafikktryggleiken.

Vilkår

For kommersielle og ideelle reklame- og informasjonstiltak:

  • Informasjon om næringsverksemd, eit produkt, eit lokalt tiltak (kulturarrangement, loppemarknad, valkampanje, osb.)
  • Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb.

Unntatt frå søknad

  • Namneskilt eller reklame for eiga verksemd som er plassert på sjølve bygninga der verksemda blir driven, føresett at det ikkje påverkar trafikktryggleiken
  • Adresseskilt, skilt i kryss med privat veg som "Køyr langsamt, barn leiker", vil det ikkje vere nødvendig å søkje om løyve til, men undersøk dette i alle fall.

Lover

Plan- og bygningsloven §107
Veglova
Vegtrafikklova


Publisert: 03.08.2016 07:16
Sist endret: 03.08.2016 07:49
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00