Facebook ikon Twitter logo Print side

Retting i matrikkelen

Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, bygning og adresse, jf. Matrikkellova (ML, lov 2005-06-17 nr. 101).

Bakgrunn for feil og manglar i kart

Det var ikkje kartfestingsplikt for eigedomar før delingslova tredde i kraft i 1980. Før 1980 vart nye eigedomar oppretta ved skylddeling. Eit unntak er nokre eigedomar i tettbygde strøk som er oppmålt med koordinatar før 1980.

Under ei skylddelingsforretning vart eigedomsgrensene skildra med tekst i skyldskiftet. Dette er grunnen til at nokre eigedomar ikkje ligg i kartet, ligg feil plassert i kartet eller berre er vist med ein sirkel.

Tidligare koordinatfesta eigedomar

Matrikkeleiningar som tidlegare er fastlagt i ei kart- eller oppmålingsforretning eller tilsvarande har koordinatfesta grensepunkt. Desse kan berre endrast på ved å holda ei ny oppmålingsforretning eller etter ei rettskraftig avgjerd ved domstolane.

Heimel for å retta opplysningar i matrikkelen finn ein i ML §26

§ 26 Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
Kommunen kan rette, endre og leggje til opplysningar som kommunen fører i matrikkelen, når det kan gjerast utan å halde oppmålingsforretning. Andre organ som fører opplysningar i matrikkelen, kan tilsvarande rette, endre og leggje til vedkommande opplysningar.

Kommunen kan slette matrikkeleining frå matrikkelen dersom eininga er urett oppretta. Det same gjeld for matrikkeleining som fysisk ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i grunnboka, kan ho berre slettast i matrikkelen dersom ho samtidig blir sletta i grunnboka.

Ein part kan krevje at matrikkelen blir retta når det blir dokumentert at opplysningane er urette eller ufullstendige, eller at grunnlaget for registreringa er falle bort. Dersom det er behandla opplysningar som er urette, ufullstendige eller som det ikkje er høve til å behandle, skal det organet, som har lagt inn opplysningane, av eige tiltak rette opplysningane. Opplysningar om grenser som er fastlagde i oppmålingsforretning eller i tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving, kan berre rettast på grunnlag av ny oppmålingsforretning eller rettskraftig avgjerd ved domstolane.

Part som retting, endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast.

Denne paragrafen går framom personopplysningslova § 27 om retting av mangelfulle personopplysningar.

Krav om retting

For at kommunen skal utføre retting i matrikkelen, må det koma tydeleg fram at retting vil medføre meir riktige opplysningar. Under er det ein oversikt på kva dokumentasjon som må leggjast fram.

Ved retting i matrikkelen, vert grensepunkt/linjer lagt inn med dårlig kvalitet (teikning direkte på skjerm, ingen oppmøte på ute på plassen). Plassering av eigedomsgrensene og storleiken på eigedomen vil dermed ikkje verta nøyaktig i kartet, men vil vise ein meir riktig situasjon enn før rettinga.

Dersom ein ynskjer god kvalitet (koordinatfesta) grensepunkt/linjer, må ein rekvirera ei
oppmålingsforretning.

Ved avslag på krav om retting vil dei involverte partane verta underretta om dette. Eit slikt avslag
gjev klagerett i samsvar med matrikkellova § 46. Ei eventuell klage må setjast fram skriftleg innan 3
veker etter at melding om avslaget er mottatt.

Dokumentasjon

Retting i matrikkelen krev dokumentasjon som stadfestar at endringa vil vise meir riktige
opplysningar i matrikkelen.

Heilt enkelt må det dokumenterast at informasjonen som ligg i matrikkelen er feil eller ufullstendig.

Dokumentasjonskravet er lagt til den som krev retting, og ikkje til kommunen som lokal
matrikkelmyndigheit.

Det må også koma klart fram at alle involverte partar er samde i rettinga.

For å fremje krav om retting av feil og/eller manglar i matrikkelen skal ein nytte skjema «Krav om
retting i matrikkelen»

Vedlegg til krav om retting

Nr. 1-3 skal alltid liggja ved kravet, nr. 4-5 skal liggja ved der det høver

  1. Skyldskifte
  2. Kart der ein har teikna inn kva som skal rettast
  3. Signatur frå alle involverte partar, som godkjenner retting slik kartet (pkt. 2) viser. (Alle heimelshavarar til alle berørte eigedomar – dette er ein del av skjemaet «Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen»)
  4. Jordskiftesak med kart der dette fins
  5. Eventuell anna dokumentasjon som kan gjera greie for rettinga

Skjema: Krav om retting i matrikkelen

Ferdig utfylt skjema med vedlegg skal leverast på rådhuset eller sendast til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Eller postmottak@fjell.kommune.no

Ta kontakt med oppmålingsavdelinga i kommunen ved spørsmål kring utfylling av skjema og krav til
dokumentasjon.

Retting i matrikkelen er ikkje gebyrbelagt.

Bestilling av skyldskifte

Skyldskifte kan ein bestille hjå Kartverket eller Statsarkivet i Bergen. Eigedomar som er oppretta før
ca 1950 ligg hos Statsarkivet.

Lenker:


Publisert: 31.08.2018 09:29
Sist endret: 31.08.2018 09:41