Facebook ikon Twitter logo Print side

Samanslåing av eigedommar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fleire eigedomar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan krevjast slegne saman til ein eigedom, jf. matrikkellova § 18 og pbl. § 21-4 (vilkår sett av kommunen). Som hovudregel er det krav om at eigedomane grensar til kvarandre.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom den vil føra til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing blir panteretten utvida til heile den samanslegne eigedomen eller festeretten.

Saksgang

Kommunen kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, og kravet blir vidaresendt til tinglysing.

Kven kan rekvirera samanslåing?

Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel ved at heimelshavar(ane) underteiknar skjemaet, "Krav om samanslåing".

Skjema og vedlegg

Skjema

Krav om samanslåing

Vedlegg

  • Situasjonskart

Saksgang

Kommunen kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, og kravet vert vidaresendt til tinglysing.

Figur

Matrikkelføring og tinglysing

Er vilkåra for samanslåing til stades, vert dette ført i matrikkelen og melding sendt til tinglysing saman med skjema for krav om samanslåing.
Matrikkelbrev: Når kommunen får tilbakemelding på at samanslåinga er tinglyst, vert matrikkelbrev skrive ut og sendt rekvirenten(e).

Pris

Samanslåing av eigedommar er ikkje gebyrbelagt.

Lenker og lovverk


Publisert: 25.05.2016 17:56
Sist endret: 25.05.2016 18:05
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00