Facebook ikon Twitter logo Print side

Pågåande utviklingsprosjekt - Barnefattigdomssatsinga

I 2015 vart Fjell kommune vald ut til å delta i ei femårig satsing mot barnefattigdom i regi av Fylkesmannen i Hordaland. Satsinga skal arbeida fram heilskaplege og tverrfaglege løysingar for å betra kvardagen til barn og unge som er råka av barnefattigdom.

Bakgrunnen for satsinga er at talet på barn og unge som lever i familiar med vedvarande låg inntekt er aukande. I tillegg viser Riksrevisjonen si nasjonale undersøking av barnefattigdom (2013-2014) at mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunna delta sosialt, og at barna sine behov ikkje vert godt nok kartlagte når foreldra søkjer om sosialhjelp.

I 2015 og store delar av 2016 vert det arbeidd med kartlegging, kompetanseheving og tverrsektorielt samarbeid. Først når dette er på plass og kan liggja til grunn som ei felles plattform, skal det vurderast kva tiltak som på kort og lang sikt vil forbetra moglegheitene for å redusera barnefattigdom, og minska konsekvensane ved å veksa opp i fattigdom.

Det er oppretta eit politisk barnefattigdomsutval beståande av:

  • Fredrik Alexander Indrevik (H)
  • Hege Misje (SL)
  • Hilde Elisabeth Lohmann Sandahl (AP)
  • Odd Bjarne Skogestad (KrF)
  • Ivar Einarsen (AP)

Publisert: 08.01.2018 13:19
Sist endret: 08.01.2018 13:20