Facebook ikon Twitter logo Print side

Pågåande utviklingsprosjekt - Byregionprogrammet

I 2015 fekk kommunane Fjell, Os, Lindås og Meland tildelt treårig støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt utviklingsprogram for byregionar. Samarbeidsprosjektet har fått arbeidstittelen «Robuste, berekraftige sentre i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion», og handlar i all hovudsak om systematisk samarbeid for å utvikla vekstkraftige og attraktive regionsenter; både for næringslivsaktørar og innbyggjarane våre.

For å spissa og systematisera aktivitetar og tiltak, er prosjektet delt i tre innsatsområde:

  1. «felles gang,- og sykkelstrategi»,
  2. «framtidas bustader og buområde»
  3. «arbeidsplassar og næringsliv».

Kvar av desse innsatsområda har sin eigen handlingsplan og gjeld for perioden 2015-2017. Prosjektet har ei eiga styringsgruppe beståande av ordførar og rådmenn i deltakarkommunane. Som ledd i utviklingarbeidet er det gitt ut fleire lokale og nasjonale forskingsrapportar.

Arbeidsplassar og næringsliv

På vegne av Byregionprosjektet har Telemarksforsking gjennomført ein analyse av kor attraktive kommunane Fjell, Os, Lindås og Meland er for næringslivsetableringar. Telemarksforsking har også gjennomført ei tillitsundersøking og evaluert kor godt planreiskap kommunane har med tanke på å vera ein aktiv part i næringsutviklinga. Kunnskap frå undersøkingane har politisk leiing, administrasjon og næringslivsrepresentantar nytta for å utarbeide ein tiltaksmanual for næringsutvikling i kommunane. 

Rapportane kan du lese her

Felles gang- og sykkelstrategi

Det er ei nasjonal og lokal målsetting at fleire skal nytta sykkel og gange, heller enn bil som transportmiddel. Dette er viktig, både av omsyn til klima og folkehelse. I samarbeid med Multiconsult er det no gjennomført ei spørjeundersøking blant innbyggjarane i Fjell om sykkelvanar, kvar dei syklar og kva dei tenkjer om parkeringsmoglegheiter osv. 

Multiconsult har også gjennomført ei sykkelteljing og vurdering av kvaliteten på utvalte vegar/sykkeltrasear inn mot Straume sentrum, dvs. Bildøy-Straume, Anglavika-Straume og Knarrvika-Straume. I kvalitetsvurderinga er det peikt på forslag til små og store utbetringar for å gjera vegnettet meir tilpassa mjuke trafikantar. Dette kunnskapsgrunnlaget er til stor hjelp i kommunen sitt arbeid for å fremma meir bruk av sykkel og gange som transportmiddel.

Rapportane kan du lese her

Prosjektleiar er Eli Janette Fosso: eli.fosso@fjell.kommune.no

Framtidas bustader og bumiljø

Telemarksforsking har gjennomført ei undersøking om barne- og ungdomsfamilier sine bustads- og bumiljøpreferansar, samt kva for tankar slike hushold har om å busetja seg i regionsentra Straume, Osøyro og Knarvik m/aksen mot Frekhaug. Den ferdige rapporten gir nyttig informasjon om kva som gjer Straume, Osøyro og Knarvik til attraktive stader å bu for barne- og ungdomsfamiliar. Den gir også gode innspel til kommunane sitt plan- og utviklingsarbeid for å auka attraktiviteten ytterlegare. Viktige funn frå undersøkinga er bl.a.:

  • Regionsentra som buplass, er spesielt bra fordi det finst ei god blanding av by og land.
  • Det er kort vei til byen. Samtidig er det god tilgang til dei tenestetilboda som trengst i kvardagen.
  • Regionsentra har gode landlege kvaliteter med eigen bygdeidentitet, men det vert også uttrykt ei viss frykt for at bygdeidentiteten er i ferd med å forsvinna. Jf. den veksten og utbygginga regionsentra har opplevd dei siste åra.
  • Regionsentra har god tilgang til sjø, natur og turområder, og omgitt av levande kulturlandskap og landbruksmiljø. Dette er eit stort gode!
  • Det er eit godt og oversiktleg bumiljø med trygge og gode oppvekstskår for barn.
  • Mange ønskjer å bu i einebustader, og etterlyser sentrale tomter/hus med hage.
  • Mange etterlyser sentrale leilegheiter med plass til ein familie. Dagens sentrumsleilegheiter er for dyre og for små for barne- og ungdomsfamiliar.
  • Sentrumsområda vert omtalt som til dels lite koselege. Mange etterlyser fleire offentlege møteplasser og grøntområder.
  • Det er også ønskje om fleire fritidstilbod for barn og unge (særleg ungdomen). Idrettslivet vert framheva som bra, men eit breiare tilbod av aktiviteter enn dei som finst i organisert idrett og trusarbeid vert etterlyst.
  • For barne- og ungdomsfamiliar er det ei store utfordring med mykje biltrafikk i sentra. Dette blir spesielt framheva av familiar som bur i/rundt Straume og Knarvik.
  • I alle kommunane peiker barne- og ungdomsfamiliane på utfordringar knytt til manglande gang- og sykkelvegar, fortau og veglys.
  • Trafikksituasjonen gjer at mange barn/unge opplever det som utrygt å ferdast åleine. Dei må difor køyrast til fritidsaktivitetar.
  • Kollektivtilbodet er mangelfullt. Dette gjer regionsentra svært bilbaserte.
  • Det er behov for eit betre kollektivtilbod, og parkering til pendlarar.

Rapporten kan du lese her


Publisert: 08.01.2018 13:17
Sist endret: 08.01.2018 13:17