Facebook ikon Twitter logo Print side

Pågåande utviklingsprosjekt - Lokalsamfunn Ågotnes

I 2015 fekk kommunen tildelt skjønsmidlar til lokalsamfunnsutvikling på Ågotnes. Midlane skal nyttast til aktiv koordinering og oppfølging av føringar lagt i kommunedelplanen for Ågotnes. I prosjektet ynskjer kommunen å legge til rette for brei medverknad og utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag for lokal samfunnsutvikling og planarbeid. «Visjon Ågotnes» er første ledd i dette medverknads- og utviklingsarbeidet på Ågotnes.

Visjon Ågotnes er utarbeidd på grunnlag av ei breitt samansett plansmie og gode innspel frå innbyggjarane på det digitale medverknadsverktøyet MyCity. Visjonsnotatet peikar ut dei viktigaste ressursar på Ågotnes, og skisserar konkrete mål og tiltak for å ta ressursane i bruk. Tiltaksdelen av visjonsnotatet viser også kven som har hovudansvar for å følgje opp tiltaka, og kven dei kan samarbeide med for nå ønska mål.

Visjon-Ågotnes-notatet kan du lese her (.pdf)

Ågotnes torg

Kontaktpersonar: Lena Svalastog Garnes, lena.garnes@fjell.kommune.no og Eli Janette Fosso, eli.fosso@fjell.kommune.no


Publisert: 08.01.2018 13:18
Sist endret: 08.01.2018 13:18