Facebook ikon Twitter logo Print side

Seksjonering og reseksjonering av eigedom

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Ein eigarseksjon er en sameigedel i ein utbygd eigedom med tilknytt einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedommen.

Kommunen kan etter søknad gi løyve til å oppretta eigarseksjonar. Ein eigarseksjon vil vera ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og lånast på, uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.

Bygningane som skal seksjonerast, må vera oppførte eller ha gyldig løyve til igangsetjing.

Reseksjonering er endring av allereie seksjonerte eigedommar. Reseksjonering vil i dei fleste tilfelle vera avhengig av samtykke frå alle som har tinglyst pant i dei seksjonane det gjeld.

Kven kan søkja?

Heimelshavar(ar) til eigedomen eller person(ar) med fullmakt.

Skjema og vedlegg

Søknadsskjema

Krav om oppdeling i eigarseksjonar/reseksjonering

Søknadsskjema med vedlegg skal oversendast i tre eksemplar og skal vera underteikna av alle heimelshavarane til eigedomen.

Vedlegg

Planteikningar

Planteikningar (innvendig romfordeling) skal leggjast ved. Det skal brukast kopiar av planteikningar godkjent i samband med byggjesak over etasjane i bygningen, medrekna kjellar og loft. Det må følgja med planteikningar over alle bygningane på eigedomen. Markering av dei ulike seksjonane skal skje ved bruk av ulike fargar og/eller skravur. Det same gjeld grense mellom seksjon og fellesareal.

Situasjonskart

Situasjonskart som viser korleis eigedomen skal seksjonerast skal leggjast ved. Hent kartutsnitt på heimesida til kommunen her.

Vedtekter for sameiget

Vedtekter for sameiget skal leggjast ved i eitt eksemplar. Minstekravet lova stiller er opplysningar om gards- og bruksnummer på eigedomen og talet på styremedlemer. Innhaldet i vedtektene skal ikkje vurderast eller godkjennast av kommunen.

Følgjande må gå fram av planteikningar og situasjonskartet
  • Dersom ikkje utbygde delar av eigedomen (uteareal) skal inngå som tilleggsdel til nokon seksjonar, skal grensene for desse delane visast tydeleg på situasjonskartet. Tilleggsdelar kan f.eks. vera biloppstillingsplass eller del av hage som skal vera til bruk berre for den enkelte.
  • Det skal haldast eiga oppmålingsforretning for tilleggsareal i grunn (uteareal).
  • På kvar seksjonsdel, både hovuddel og tilleggsdel, skal det påførast forslag til seksjonsnummer. Teikningane skal vera påført gnr/bnr og etasjenummer.
  • Det skal stadfestast at separat stoppekran for vatn og separat sikringsskap ligg innanfor den enkelte brukseininga eller i fellesareal. 
  • Ved eksisterande bygning skal namneliste over bebuarar (1 eksemplar) leggjast ved. Namnelista skal innehalda namn og adresse på alle leietakarar av bustad på eigedommen. Kommunen nyttar desse opplysningane for å orientera alle leietakarane om forskriftene om kjøperett og klagerett over kommunalt seksjoneringsløyve.
Framgangsmåten for reseksjonering

Framgangsmåten for reseksjonering er den same som ved seksjonering og søkndasskjema skal innehalda same skjema og vedlegg som viser endringane.

Oppheving av seksjonering

Dersom ein ikkje lenger ønskjer at ein eigedom skal vera seksjonert, kan heimelshavar krevja oppheving av seksjoneringa. Det skjer ikkje ved reseksjonering, men ved krav om oppheving.

Skjema "krav om oppheving av seksjonering" skal signerast av alle heimelshavarane til seksjonane eller dei som er gitt slik fullmakt. Original fullmakt må da eventuelt følgja med. Alle panthavarar må i tillegg samtykkja til oppheving av seksjoneringa. Krav om oppheving med nødvendige dokument skal sendast samla til kommunen, som fører sletting i matrikkelen.

Saksgang

Søknaden vert handsama av kommunen. Søkjar får tilbakemelding dersom søknaden er mangelfull.

Det vert gjort eit eige vedtak om løyve til seksjonering. Vedtak og underteikna søknad om seksjonering vert sendt rekvirenten.

Pris

Gebyr for oppmålingstenester vert fakturert av Fjell kommune.

Pris kart og oppmåling

Lenker og lovverk


Publisert: 25.05.2016 18:09
Sist endret: 26.01.2017 08:45
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00