Facebook ikon Twitter logo Print side

Skal du regulere eigedom?

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Er reguleringsplan påkravd?

Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan.

Du kan finna ut om eigedomen er regulert eller ikkje ved å bruka kommunen si kartløysning. Søk på gards- og bruksnummer eller adresse, og vel frå «Kartlag» i menyen til høgre. Du kan også kontakta Fjell kommune (Plan- og utbyggingssjefen).

Dersom du ønskjer å utvikla eit område eller ein eigedom som ikkje er regulert, kan du fremja eit privat forslag til detaljregulering.

Kven kan fremja reguleringsplan?

Private tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter har rett til å fremja forslag til detaljregulering. Lova set krav om at det bak ein privat detaljregulering står fagkyndige som kjenner til lovverk og forvaltingssystem, og planen må oppfylla visse minstekrav til framstilling.

Private forslag må samsvara med hovudtrekk og rammer sett i arealdelen til kommuneplanen. Kommunen vil vurdera om tiltaket må detaljregulerast før det kan gjennomførast.

Privatpersoner som ønskjer å fremja eit reguleringsforslag, kan saman med sin fagkyndige konsulent kontakta Fjell kommune (plan- og utbyggingssjefen).

Informasjon om planpakka

Planprosessen

  1. Oppstartmøte.
  2. Eventuell førespurnad om regulering (råd om planen bør utarbeidast).
  3. Varsel om planoppstart til grunneigarar, naboar og berørte partar og annonse i avisa.
  4. Utarbeiding av planen.
  5. Første gangs behandling.
  6. Offentlig ettersyn/høyring.
  7. Sluttbehandling.
  8. Endeleg vedtak av planen i komité for plan og utvikling (KPU). Det er mogleg å klaga på vedtaket i KPU.

www.planportal.no  er ei informasjonsteneste for plansaksbehandlar og politikarar på kommunalt og regionalt nivå. Nettstaden kan også vera til stor nytte for konsulentar, næringsliv, interessegrupper og enkeltpersonar. Her finn du blant anna lover, forskrifter, rettleiarar og andre relevante publikasjonar.

Plandelen av plan- og bygningslova av 1. juli 2009, rettleiarar og andre relevante dokument er tilgjengelege på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si side www.planlegging.no

Behandlingstid

Avhengig av tida forslagsstillar brukar på å utarbeida planen, grad av konfliktar og krav til utgreiingar vil behandlingstida normalt variera frå 1 – 3 år.

Prisar og gebyr

Meir informasjon om prisar og gebyr

Rettleiingsmateriale


Publisert: 23.05.2016 12:55
Sist endret: 23.05.2016 13:00
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00