Facebook ikon Twitter logo Print side

Sotrasambandet

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fjell kommune og Bergen kommune vedtok i 2012 kommunedelplanar som fastlegg trasé og andre føresetnader for nytt riksvegsamband (Rv 555) mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Fjell kommune, sjå oversiktskart.

Anlegget skal vera robust, lite sårbart og fleksibelt med omsyn til framtidige endringar i transportbehov.

Mål

Målet er at mest mogleg av framtidig transportbehov skal kunna løysast ved hjelp av kollektivtransport og gang/-sykkeltransport.

Finansiering

Prosjektet skal delfinansierast med bompengar.

Kostnad, finansiering og framdrift

Prosjektet skal delfinansierast med bompengar. Det er definert som eit OPS-prosjekt (Offentleg Privat Samarbeid)

Prosjektet er i NTP 2014-24 kostnadsrekna til vel sju milliardar kroner. To av desse milliardane var då tenkt finansiert av staten, og resten med bompengar.

Formannskapet i Fjell vedtok den 22. juni 2015 å leggja områdereguleringsplanen ut til offentleg høyring. Den 26. mai 2016 godkjente Fjell kommunestyre planen for den delen som ligg i Fjell kommune.

Ein parallell prosess har i same periode gått føre seg i Bergen kommune for strekninga Storavatn – grense mot Fjell kommune. Statens vegvesen har fremja motsegn mot Bergen si innstilling til vedtak, og prosessen vidare er av den grunn usikker.

Førebels kostnadsoverslag sommaren 2016 er 9,4 milliardar kroner. Endeleg kostnadsoverslag, bompengeandel og storleiken på bompengane vil venteleg først vera klar våren 2017 om ein føreset at situasjonen i Bergen løyser seg.  

Anleggsstart vil då mest truleg vere i 2018/2019, og anlegget vert truleg teken i bruk 2022/2023.

Rv 555 Sotrasambandet - Slutthandsaming av reguleringsplan parsell Kolltveit - grense Fjell/ Bergen kommune. Tiltakshavar : Statens vegvesen Region vest.

Sjå kunngjering av godkjent områdereuleringplan datert 12.08.2016.

Andre samferdsletiltak

Fjell kommune arbeider saman med ei rekkje aktører for å sjå på kva som kan gjerast for å betre trafikksituasjonen i Fjell i påvente av nytt sotrasamband.

Aktuelle tiltak

  • Ny fylkesveg mellom Storskaret-Arefjord. Arbeidet er i gang og vert etter planen fullført i løpet av 2016.
  • Kollektivfelt mellom Straume og Knarrvika. Reguleringsplan.
  • Utvida bussavgangar i rushtida. Sjå suppleringsruter.
  • Parker & Reis. Les meir.
  • Trafikkdirigering. Les meir.
  • Beredskapstiltak langs rv 555 Kolltveit-Knarrvika
  • Spontan Samkjøring. Les meir.
  • Kamera/internett
  • Info om reisetider
  • Tips for å redusera bilkøen. Les meir.

Illustrasjonsbilete

Brosjyre

Sotrasambandet 2016


Publisert: 26.04.2016 08:40
Sist endret: 26.04.2016 08:47