Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilskotsordningar - landbruk

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Generelt om tilskot

Kommunen forvaltar ulike økonomiske verkemidlar i jord- og skogbruket. Dersom du driv ei landbruksverksemd i ein skala som er større enn hobby, kan du søkja fleire typar tilskot. Du må gjerne ta kontakt med oss dersom du ønskjer informasjon om nokre av tilskotsordningane, skjema eller anna hjelp når det gjeld tilskot. På denne sida vert eit lite utval av tilskotsordningar omtala.

For opplisting og vidare forklaring, sjå heimesidene til Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland.
Det finnes også etablerer tilskot hjå Innovasjon Norge, og eit kommunalt landbrukstilskot.

Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er den største tilskotsordninga i landbruket. Vilkåra for å kunne søkje om tilskot er at føretaket må vera registrert i Brønnøysundregistera med eige organisasjonsnummer. Send søknad gjennom Altinn. Søknadane vert behandla av kommunen.

Vilkår og rettleiing på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Her kan du søkja produksjonstilskot elektronisk via Altinn.

Regionalt miljøprogram - RMP tilskot

Tilskotsordninga er etablert for å oppretthalda kulturlandskapet og minska/hindra forureining frå landbruket. Tiltaka og satsar blir avgjort ut i frå det Fylkesmannen i Hordaland ser på som dei største miljøutfordringane i sitt fylke og satsane kan verta justert årleg.

Her kan du søkja RMP elektronisk via Altinn.

Landbruksdirektoratet sine sider som regionalt miljøprogram.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL–middel

Formålet er å fremja natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapaet i jordbrukets og redusera forureininga ut over det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. SMIL-ordninga er fastsett i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Du kan søkja om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket ved å fylle ut søknadsskjema om SMIL-midlar (SLF-430).

Tilskot til grøfting av jordbruksareal – drenering

Føremålet med drenering er å auka kvaliteten på jordbruksjord til fordel for både avlingar og miljø. Det er og eit viktig ledd i å tilpassa jordbruket til eit endra klima med meir nedbør.

Meir informasjon på Landbruksdirektoratet sin nettside om drenering.

Søknadsskjema for tilskot til grøfting av jordbruksareal.

Kommunalt landbrukstilskot

Dette er eit kommunalt tilskot for å stimulera landbruksaktivitet. Det skal søkjast før arbeidet går i gang. Det kan gjevast tilskot til fysiske tiltak på eigedom men ikkje til driftsmidlar og driftsreiskap.

Tiltaket skal vere forankra i landbruksrelatert verksemd.

Søknadsfrist er 15. mai. Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om tilskotet.

Søknadsskjema for kommunalt landbrukstilskot

Kva krav vert sett for å søkja?

Det er den som driv landbruksverksemda som skal søkja tilskot. Det er for dei fleste tilskotsordningane krav om at du skal stå for dagleg drift og vedlikehald sjølv. Dei enkelte tilskotsordningane har nærare krav som er skildra på heimesidene for tilskota, sjå heimesidene til Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland.

Det er frivillig å søkja tilskot. Det er elles slik at ein ikkje har krav på tilskot. Det er også fleire krav ein må vera oppfylte for at du har rett til å søkje.

Skjema

Kvar tilskotsordning har sine eigne skjema, sjå på den einskilde tilskotsordninga på heimesida til Landbruksdirektoratet eller hjå Fylkesmannen i hordaland.

Saksgang

Dei fleste tilskota vert handsama av kommunen. Søknaden skal då fyllast ut og sendast inn i samsvar med krava. Nokre har eigne søkjesider ein må nytta. Etter at kommunen har motteke søknaden vil den verte handsama av oss, eventuelt sendt vidare med ein innstilling frå kommunen.

Sakshandsamingstid kan variera, men dersom saksbehandlinga tek lengre tid enn tre veker, vil det verta sendt ut førebels svar.

Gebyr

Det er ikkje gebyr for å søkja tilskot.


Publisert: 13.06.2016 16:02
Sist endret: 28.10.2016 12:27
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00