Facebook ikon Twitter logo Print side

Trefelling/rydding på kommunal eigedom

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Jf. «Lov om rettshøve mellom grannar» (nabolova), kan det søkjast om felling av trær på kommunens eigedom, som står nær nabogrense.

Loven gjeld tre som står nærare grense enn 1/3 av trehøgda, og som det ikkje er «nemnande om å gjere for eigar» dvs. kommunen, å behalde. Fjell kommunen kan gje løyve til felling av tre i tråd med grunnlaget og regla nemnt nedanfor.

Det er Plan- og eigedomssjefen v. avdelinga for drifts -og vedlikehald som avgjer og gjer løyve til kva som kan fellast.

Felling/rydding kan utførast slik:

  • Kommunen fell (av sikkerhetsårsak) trea. Søkjar kappar, ryddar og får veden, jf. avtale.
  • Søkjar fell trea sjølv, får veden og ryddar området, jf. avtale. Ved aksept av sjølvhogst ber vi tiltakshavar sjå informsajonen under Sjølvhogst.
    Sjølvhogst

    Ved innvilga søknad for sjølvhogst gjeld:
    Underteikna har på oppmoding fått løyve til å felle buskar/tre iht. avtale.
    Felling skal kunn skje i perioden 1.10 – 31.3.

    Felling skal skje i tidsrommet ____________________ og underteikna gjer dette for eigen rekning, risiko og med eige utstyr. Alt avfall skal fjernast i rimelig tid (3-4 veker) for søkjars rekning. Alternativt kan kommunen iverksette rydding for søkjars kostnad.

    Som ansvarleg tiltakshavar er eg innforstått med at felling av trær og bruk av motorkjedesag er farlig, og at det er naudsynt med opplæring og nødvendig verneutstyr for å utføre felling på en forsvarlig måte. Fjell kommune føreset at personar med ein slik kompetanse gjer dette arbeidet for at løyve skal være gyldig.

    Underteikna tar sjølv ansvar for dei eventuelle skader eg kan påføre meg sjølv, andre og deira eigedom. Eg vil syte for tilstrekkelig varsling og vakthald under fellingsarbeidet. Arbeidet ynskjer eg sjølv å utføre for eigen vinning og ikkje i oppdrag for Fjell kommune. Dersom det fins bygningar, luftkablar eller andre installasjonar som ikkje er eigd av Fjell kommune på staden, skal eg sjølv som ansvarleg utfører, sjølv kontakte eigar for løyve og rådgjeving før igangsetting.

Nabovarsling

For å unngå konfliktar mellom søkjar og andre sine interesser i nabolaget, treng vi underskrift frå naboane og gjenbuarar om at dei godkjenner tiltaket. Drift og vedlikehaldsavdelinga i kommunen ynskjer og ei uttale frå velforeininga, dersom det aktuelle området har stor betyding som fellesareal. Drift og vedlikehaldsavdelinga i kommunen vil sende søknaden i retur, dersom naboar/gjenbuarar eller velforeininga ikkje er blitt spurt i saka.

Søknad

Søkjer må leggje ved:

  • Kart i målestokk 1:1000, med grenser og teikne inn treet/trea. Kartutsnitt kan ein be om å få på servicetorget eller i kartløysingane til kommunen.
  • Underskrift frå naboar og gjenbuarar om at dei godkjenner tiltaket. Sjå avsnittet nabovarsling.
  • Kommunen ynskjer og ei uttale frå velforeininga, dersom det aktuelle området har stor betyding som fellesareal.

Søkjar må merke treet/trea som ein ynskjer felt. NB! Ikkje med måling eller anna som kan gje sår på veksten.

Søknad om trefelling/rydding på kommunal eigedom

Vurderingsgrunngjeving

Drift og vedlikehaldsavdelinga i kommunen vil vektleggje ei rekkje tilhøve i trefellingssaker, som:

  • at skade eller særskilt ulempe for søkjaren er større enn verdien for eigar
  • klimatiske tilhøve, spesielt økt vindeksponering og auka ringverknader av dette
  • tresort, -alder/ tilstand og omsynet til det biologisk mangfaldet på staden
  • estetiske vurderingar i området i heilhet
  • ulemper jf. sol/lys i høve til trea sin plassering, høgde og tettleik
  • om det er brei semje, evt. usemje blant grannane

Vi gjer merksam på at kommunen som hovudregel vil vurdere å politimelde sjølvtekt, eksempelvis for felling av tre utan løyve, eller om fleire tre vert felt enn tillate. Dersom det ikkje rydda som anvist, til avtalt tid, må søkjar dekke kostnadane som vedkjem kommunens meirarbeid utan at dette vert varsla.

Kommunen dekkjer alle kostnader til trefellingsarbeid, dersom tre -/ trea står på kommunal eigedom og utgjer ei påviselig fare for dei som ferdast på staden eller rundt kommunale bygg. Friske tre til dømes, vert ikkje rekna som eit faremoment, i denne samanheng.


Publisert: 15.02.2018 14:43
Sist endret: 08.03.2018 11:06
Eigedom

Besøksadresse:

Bildøybakken 105
5360 Kolltveit

Telefon: 55 09 60 00