Facebook ikon Twitter logo Print side

Utbyggingsavtalar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Utbyggingsavtale

Utbyggingsavtale er ein avtale mellom kommunen og grunneigar eller utbyggar om utbygging av eit område som er del av ein arealplan.

Utbyggingsavtale kan omfatta teknisk infrastruktur og grøntområde, bustadpolitiske tiltak og andre tiltak som er nødvendige for gjennomføring av den konkrete arealplanen. Det er ikkje tillate for utbyggar å kosta sosial infrastruktur som skule, barnehage eller tilsvarande tenester. 

Kommunen kan ikkje stilla krav til grunneigar/utbyggar om at utbyggingsavtalen skal vera eit premiss for utbygging, men avtalen skal vera frivillig og gjensidig forpliktande.

Kommunen kan ikkje inngå bindande utbyggingsavtale før arealplan for det aktuelle området er vedteke. Det er ikkje klagerett på vedteken utbyggingsavtale.

Vedtak om bruk av utbyggingsavtaler i Fjell kommune

Kommunestyret vedtok i 2006 generelle retningslinjer for bruk av utbyggingsavtaler, sak KS 56/06. Hovudprinsippet er at kvart område skal bera alle kostnader med tilrettelegging av teknisk og grøn infrastruktur. Retningslinjene har trappetrinnseffekt. Store utbyggingsområde skal yta meir til ekstern infrastruktur enn mindre område.

Prinsippvedtak for bruk av utbyggingsavtalar Straume sentrum, sak 52/08. 

Prinsippvurdering om bruk av anleggsbidragsmodellen, KPU sak 124/14. Dette er avtalar mellom kommune og utbyggjar, der kommunen står som byggherre for offentlege anlegg som skal byggjast ut i medhald av godkjend plan. Utbyggjar får momsrefusjon.

Kunngjeringar

Tidlegare kunngjeringar

Publisert: 16.06.2016 09:34
Sist endret: 16.06.2016 09:36