Facebook ikon Twitter logo Print side

Utslepp av avløpsvatn

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Eig du bustad, hytte, turistbedrift eller liknande som ikkje er knytt til offentleg avløpsanlegg, må du ha løyve frå kommunen til å sleppa ut avløpsvatn, dersom:

  • du har planar om å leggja inn vatn
  • du har planar om vesentleg auke i utslepp av avløpsvatn (25 %) 

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom.

Kva du skal søkja om avheng av type og mengde avløpsvatn. Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på om du har eit utsleppsløyve, eller om du kan knytast til offentleg avløpsleidning.

Utslepp av gråvatn

Søknadsplikten gjeld også dersom du berre slepp ut gråvatn og har innlagt vatn.
Med gråvatn meiner ein avløpsvatn frå kjøkken, bad og vaskerom, men ikkje frå klosettavløp. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning.

Skriftleg søknad med situasjonskart vert sendt til kommunen.

Små utslipp av avløpsvatn

For utslepp av avløspavatn som er mindre enn 50 pe (personar) gjeld standardvilkåra i lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg. Den lokale forskrifta er heimla i Forureiningsforskrifta kapittel 12 Krav om utslipp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande. Du må søkja kommunen om utslippsløyve. I løyve kan det bli fastsett vilkår. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter lokal forskrift.

Sjå også sonekart der reinsekrav er vist eller kontakt kommunen.

Større utslipp av avløpsvatn

For utslepp av avløpsvatn som er større enn 50 pe (personar) gjeld standardvilkåra i forureiningsforskrifta kapittel 13 Krav til utslipp av kommunalt avløpsvatn frå tettbusetnad. Du må søkja kommunen om utslippsløyve.

I løyve kan det bli fastsett andre vilkår. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta, og plikter å sende årleg rapport om naudsynte opplysningar om avløpsanlegget til kommunen. Det er ulike grenser for utslepp til ferskvatn og elvemunningar (2000 pe), og utslepp i sjø (10 000 pe).

Søknadsskjema og vedlegg

Søknadsskjema:

Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn etter lokal forkrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune

  • Søknad om utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbusetnad (B-1)

Vedlegg til søknaden:

  • Dokumentasjon på korleis ein skal etablera og driva utslepp
  • Skjema for nabovarsling
  • Plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på situasjonskart
  • Private avtalar om tilknyting, etablering av leidningsanlegg over nabogrunn mv
  • interesser som ein trur etableringa får følgjer for, t.d. drikkevatn

Saksgang

Komplett søknad som er i samsvar med regelverket i lokal forskrift/ forureiningsforskrifta kap. 13 vert handsama av kommunen innan 6 veker. Kommunen kan under handsaminga av søknaden fastsetja krav, eller nekte etablering av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei fordelane og ulempene som tiltaket elles vil føra med seg.

Klagerett

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak, kan ein klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå ein mottek vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal ein føra opp kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngje dette. Kommunen vil kunna gje rettleiing. Den instansen i kommunen som har gjort vedtaket skal vurdera om det er grunn til å endra det.

Pris

Gebyr for offentleg vatn og avløp vert fakturert av Fjell VAR. Satsane går fram av
Gebyrregulativ for vatn og avløp i Fjell kommune

Gebyr for handsaming av søknad om utsleppsløyve vert fakturert av Fjell kommune. Satsane går fram av
Lokale forskrifter om kommunale gebyr


Publisert: 24.05.2016 17:10
Sist endret: 24.05.2016 17:15
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00