Facebook ikon Twitter logo Print side

Utslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Lokal forskrift

Utslepp av olje- og/eller feitthaldig avløpsvatn og installering av olje- og/eller feittutskiljarar er eit søknadspliktig tiltak som skal godkjennast av Fjell kommune. Dette gjeld for ny verksemd, eksisterande verksemd og bruksendringar av eksisterande bygg. Søknad skal sendast til Fjell kommune, og skal vera i samsvar med Forskrift om utslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn i Fjell kommune. Forskrifta skal sikre at olje og feitt vert fjerna ved kjelda, og at olje- og feittutskiljarar vert drifta rett slik at dei verkar etter føremålet. Forskrifta gjeld både for påslepp til offentleg avløpsnett og utslepp til resipientar.

Lokal forskrift om utslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn

Søknadsskjema

Det skal nyttast desse skjema for søkar:

Utlsepp av oljehaldig avløpsvatn | Utslepp av feitthaldig avløpsvatn

I tillegg skal det sendes inn situasjonskart, berekningar av oljeutskiljar (frå leverandør) og avtale om tømming, kontroll og prøvetakingserviceavtale.

Dersom tiltaket kan råke andre naboar må det også sendast inn dokumentasjon på gjennomført nabovarsling.

Gebyr

Gebyr for handsaming av søknad om utslepp frå olje- og feittutskiljarar er heimla i  forurensningsloven § 52a. Gebyrstorleik vil gå fram av lokal forskrift om kommunale gebyr, og vert revidert årleg

Verkeområde

Føresegnene for oljeutskiljarar gjeld for verksemder som har utslepp av oljehaldig avløpsvatn, til dømes:

  • Bensinstasjonar
  • Vaskehallar for køyretøy
  • Motorverkstader
  • Bussterminalar
  • Verkstader og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner og skinnegåande materiell
  • Garasjeanlegg med tilgang til vatn og moglegheit for å vaske bilar inne i garasjen.

Føresegnene for feittutskiljarar gjeld for verksemder som har utslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett, til dømes:

  • Restaurantar
  • Kafear/konditori
  • Catering/ferdigmatprodusentar
  • Gatekjøken/kioskar
  • Kantiner
  • Slakteri
  • Margarin- og matoljeindustri
  • Kjøtforedlingsbedrifter
  • Hermetikkindustri
  • Bakeri
  • Meieri
  • Friteringsindustri
  • Røykeri
  • Matbutikkar med steike-/grillavdeling
  • Institusjonar med kantine/kjøkken
  • Fiskeindustri

Varslingsplikt

Dersom det skulle oppstå akutte utslepp som følgje av verksemda sine aktivitetar, skal Fjell kommune varslast med ein gong. Verksemda vil vere økonomisk ansvarleg for konsekvensar av akutte utslepp.


Publisert: 26.10.2018 07:36
Sist endret: 26.10.2018 13:40