Facebook ikon Twitter logo Print side

Vegvedlikehald, brøyting og strøing

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kommunalt ansvar

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. (Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar, staten for riksvegane.)

Tenesta skal sikra at vegen er framkommeleg, trygg ferdsel og ta vare på miljø- og samfunnsinteresser.

Kommunen kan stengja ein veg dersom vêr- og føreforhold ikkje gjer det mogleg å halda han open.

Trafikksikring

Kva kan du som innbyggjar gjere for trafikksikring og trivsel i ditt nærmiljø?

Planting mot kommunal veg

Store buskar og tre skal plasserast minst 2 meter innanfor tomtegrensa.

Hekkar og busker skal plasserast minst 1 meter innanfor tomtegrensa.

Hekk og buskar bør vekse innanfor eigen eigedom. Dersom du har busker eller tre som strekker seg utover grensa, skal du sjå til at vegfarande har fri høgd over seg.

Krav til høgd er som følgjer:

  • Over gang- og sykkelveg 3,2 meter
  • Over køyrebane 4,8 meter

Les meir om trafikksikring i ditt nærmiljø i brosjyra her.

Avkøyrsle mot kommunal veg, frisiktsoner

Du som har avkøyrsle frå kommunal veg skal sørgje for tilstrekkelig frisikt mot den kommunale vegen.

Dersom ikkje anna er oppgjeve i reguleringsplan, gjeld følgjande frisiktsoner:

  • 30 km/t - minimum 4 x 30 meter
  • 50 km/t - minimum 4 x 50 meter
  • 60 km/t - minimum 4 x 64 meter
  • 80 km/t - minimum 4 x 102 meter

4 meter er målt frå vegkant og inn i avkøyrsla, og 30/50/64/102 meter er målt i begge retningar langs den kommunale vegen.

Innanfor frisiktsona skal du sørgje for at ikkje noko hinder overstig 50 cm over den kommunale vegen.

Les meir om trafikksikring i ditt nærmiljø i brosjyra her.

Hjørnetomt

Dersom du har hjørnetomt mot kommunal veg, skal ikkje noko hinder overstige 50 cm i høgd målt innanfor frisiktsona i vegkrysset. Reguleringsplan for området viser omfanget av frisiktsonene.

Dersom det ikkje føreligg reguleringsplan, bør du kontakte eigedomssjefen og/eller anna vegmynde for å få nærare opplysningar om krav til sikt i aktuelt kryss.

Les meir om trafikksikring i ditt nærmiljø i brosjyra her.

Tre og busker veks!

For å oppretthalde god sikt er det viktig å tenkje over trea og buskene si utvikling over tid før ein kjøper inn og plantar dei. På dette viset kan ein førebyggje problem med sikt og seinare vedlikehald.

Grunneigar er sjølv ansvarleg for til ei kvar tid å halda hekkar, busker og tre innanfor eigne eigedomsgrenser og i tråd med retningslinjene.

Planter veks ulikt avhengig av lokalt klima og jordsmonn. For nærare informasjon om dette kan ein kontakte eit gartneri, hagesenter eller ein anleggsgartnar.

Les meir om trafikksikring i ditt nærmiljø i brosjyra her.

Kommunalt mannskap i aksjon

Som hovudregel byrjar kantklippinga langs kommunale vegar i oktober - når vekstsesongen er over - og vert sluttført rundt juletider. Utstyret er grovt maskinelt og eignar seg difor svært dårlig i bustadområde.

Vi ser det difor som ei føremon at grunneigarane sjølve tek ansvar i slike område.

Les meir om trafikksikring i ditt nærmiljø i brosjyra her.

Vegvedlikehald

Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.

Vedlikehaldet kan omfatta feiing og reinhald, fjerning av søppel, klipping av vegetasjon, vegoppmerking og skilting, brøyting og strøing om vinteren.

Brøyting

Fjell kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale veger. Arbeidet vert gjort av innleigd brøytemannskap.

Brøyting av kommunale vegar starter normalt ved ei snømengde på fem centimeter. Normalt vil alle kommunale vegar bli brøyta innafor seks timer.

Trafikantar vil likevel måtta rekna med dårligere føreforhold vinterstid enn ellers. For at forholda skal vera så bra som mogleg, trengs dt eit godt samspel mellom kommuneetaten og innbyggjarane

Vi minner om at ikkje alle vegar vert brøyta av kommunen. Det kan for eksempel vera nokre private veger, fylkesveger eller riksveger som andre har ansvar for.

Her kan du sjå om vegen er kommunal

Dersom du vil melda å om manglande brøyting eller anna om vitervedlikehald, kan de ringja vakttelefonen til samferdsle og trafikksikring: 99 48 99 48.

Oppfordring til bustadeigarar og bilistar:

  • Syt for at du ikkje parkerer slik at du er til hinder for effektiv brøyting og utrykningskøyretøy. Utrykningskøyretøy treng til ei kvar tid tre meter fri bane!

Meld frå

Ved feil eller manglar på kommunale-, fylkes- og riksvegar

FiksGataMi - feilmelding på kommunale-, fylkes- og riksvegar

Feilmelding kommunale vegar

Vakttelefon

  • BKK feilmeldingsteneste - telefon: 05 123
  • Fylkes- og riksvegar - telefon: 175
  • Kommunale vegar - telefon: 994 89 948

Lover


Publisert: 08.06.2016 13:34
Sist endret: 20.09.2016 08:27
Eigedom

Besøksadresse:

Bildøybakken 105
5343 Straume

Telefon: 55 09 60 00