Facebook ikon Twitter logo Print side

Velferdsordningar landbruk

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Det er fleire velferdsordningar. Desse gjeld i hovudsak for mottakarar av produksjonstilskot.

Avløysing ved sjukdom og fritid

Gjennom tilskot til avløysing ved ferie og fritid, kan du få tilskot til å ha avløysar ved til dømes ferieavvikling. Landbruksdirektoratet har felles søknadsskjema for produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid:

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

For å kunne søkja om avløysing ved sjukdom skal det nyttast søknadsskjema

Avløsning ved sykdom og fødsel mv (SLF-151).

Landbruksvikar

Landbruksvikarane skal avløysa bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Ordninga vert handtert av avløysarlaga i fylket, og har ansvaret for at det er landbruksvikarar tilgjengelig når behovet oppstår. Ta kontakt med kommunen eller fylkesmannen i Hordaland for meir informasjon.

Tidleg pensjon til jordbrukarar

Tidligpensjon til jordbrukere skal hjelpa til at ein ikkje overdreg drifta for seint. Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har dreve jordbruk i minst 15 år, kan motta tidlegpensjon. Meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.

For å søkja om tidlegpensjon må du nytte skjema Søknad om tidlegpensjon til jordbrukere (SLF-108). Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Saksgang og gebyr

Søknad om tidlegpensjon skal sendast til Fjell kommune.

Sakshandsamingstid kan variera, men dersom saksbehandlinga tek lengre tid enn tre veker, vil det verta sendt ut førebels svar.

Det er ikkje gebyr på handsaming av søknader knytt til velferdsordningar.


Publisert: 13.06.2016 16:22
Sist endret: 13.06.2016 16:31
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00