Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunen sine planar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplanar

Reguleringsplanar

Her finner du alle vedtekne reguleringsplaner i Fjell kommune.

I planregisteret får du informasjon om når planen ble vedteken, planomtale, føresegner, plankart og politisk behandling av planen.

Sjå reguleringsplanar i kartet

Kva er ein reguleringsplan?

Reguleringsplan er ein plan som fastset vilkåra for arealbruk og busetnad innanfor eit avgrensa område. Planen består av eit kart med tilhøyrande føresegner og skildring av tiltaka.

Skal du regulere eigedom?

Områderegulering

Områderegulering er kommunen sitt planverktøy for å avklara arealbruken for større område, meir detaljert enn i ein kommuneplan. Les meir om denne type arealplanlegging hos regjeringen.no.

Områderegulering Straume sentrum

Målet med planen er å legga til rette for utvikling av eit fleirfunksjonelt byområde. Mottoet er å endre området "frå kjøpesenter til by".

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend Områdereguleringsplan for sentrum av regionsenteret Straume.

Dokument:
Hoveddokument for saksframlegg
Reguleringsplankart
Illustrasjonsplan
Planskildring med konsekvensutgreiing
Planprogram
Kvalitetsprogram
Snitt 1 - 5
Snittanvisning
UKS feltrapport
Offentleg infrastruktur i Straume
Reguleringsføresegner

Les meir om planinformasjon for Straume sentrum

Sotrasambandet, Rv555 Kolltveit - Storavatnet

Områdereguleringsplanen som vart vedteken av kommunestyret 26.mai 2016, presenterer eit stort samferdsleprosjekt med høg kvalitet for alle trafikantgrupper. Eit ferdig bygd Sotrasamband vil ha ein heilt annan tryggleik og mykje betre framkome for buss, bil, sykkel og gange. Det vil også vera eit stort framsteg for beredskapssituasjonen og tryggleiken for alle dei som bur og arbeidar i regionen.

Meir informasjon om Sotrasambandet

Meir informasjon om Sotrasambandet på vegvesen si heimeside

Kommuneplan

Arealdelen til kommuneplanen gjev føringar for kva dei ulike areala i kommunen skal brukast til. Planen skal samordna viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gje føringar for utarbeiding av meir detaljerte planar.

Hovudmålsettinga i arealplanen til Fjell kommune er «Gjennom eit planstyrt og tilpassa utbyggingsmønster, legga til rette for ei mangfaldig samfunnsutvikling med fokus på gode og varierte bustadmiljø sentralt og i utkantane, med særleg vekt på å ivareta element av lokal kultur og historie knytt til grendestrukturen i kommunen. Det skal leggast til rette for utvikling av eit framtidsretta næringsliv i Fjell».

Den enkelte grunneigar kan ikkje ta i bruk areala sine på ein måte som er i strid med arealdelen til kommuneplanen. Dette betyr ikkje at eksisterande, lovleg bruk av areal automatisk må opphøyre, sjølv om dei er i strid med planen.

Arealdelen til kommuneplanen

Plandokumenta kan sjåast i servicetorget på rådhuset, Fjell folkeboksamling på Straume.

Revisjon av kommuneplanen

Kommunestyret skal ein gong kvar valperiode vurdera behovet for å endra planen. Rullering av gjeldande kommuneplan starta i 2012 og vart avslutta med vedtak i kommunestyret 18.6.2015.

Detaljar frå rulleringa

Sotrasambandet, Rv555 (2012)

Fjell kommune og Bergen kommune har vedteke trasé for nytt riksvegsamband mellom Storavatnet og Kolltveit, sjå oversiktskart. Sambandet skal vera robust, lite sårbart og (vere) fleksibelt med omsyn til framtidige endringar i transportbehov.

Målet er at mest mogleg av framtidig transportbehov skal kunna løysast ved hjelp av kollektivtransport og gang/-sykkeltransport. Prosjektet skal delfinansierast med bompengar.

Her finn du meir informasjon om Sotrasambandet

Sotra sør, Fv555 (2009)

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend følgjande kommunedelplan:

  • Kommunedelplan Sotrasambandet, delprosjekt 2 Rv555 Kolltveit - Austefjord

Kommunedelplan med tilhøyrande føresegner/ retningsliner og kommunestyret sitt vedtak finn du her og er utlagt i Servicetorget i Fjell rådhus.

Dokument:

Sotra nord, Fv561 (2009)

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend følgjande kommunedelplan:

  • Kommunedelplan Sotrasambandet, delprosjekt 3, Rv561 Kolltveit - Ågotnes

Kommunedelplan med tilhøyrande føresegner/ retningsliner og kommunestyret sitt vedtak finn du her og er utlagt i Servicetorget i Fjell rådhus.

Dokument:

Straume (2005 - 2018)

Kommunedelplan for Straume gjev føringar for at Straume skal verta eit levande, miljøvenleg og aktivt regionsenter med nærområde som supplerer og støttar opp om sentrum.

Straume skal utviklast frå kjøpesenter til fullverdig urbant regionsenter med tilknyting til sjøen. Området skal vera funksjonelt og framtidsretta, både når det gjeld offentlege rom og næringsområder. Planen skal sikra viktige trekk i landskapet, god tilgjenge for alle og høg arkitektonisk kvalitet på bygg og anlegg med uterom.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend følgjande kommunedelplan:

  • Kommunedelplan for Straumeområdet 2005 - 2018

Kommunestyret sitt vedtak kan ikkje påklagast.

Dokument:

Ågotnes (2013 - 2024)

Kommunedelplan for Ågotnes (2013-2024) har som mål å utvikla og styrka Ågotnes, både som sentrum nr 2 i kommunen (lokalsentrum) og som regional-, nasjonal- og internasjonal næringsklynge. Detaljplanar og tiltak skal legga til rette og framheva natur- kultur og kystlandskapet på Ågotnes. Planen gjev  føringar for framtidige trafikkløysingar på tre nivå: hovudveg, lokalveg og gang- og sykkelveg. Vidare set planen rammer for ei heilskapleg utvikling av sentrumsområdet slik at Ågotnes skal blir ein god og attraktiv møtestad i Nordre Fjell.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend følgjande kommunedelplan:

  • Kommunedelplan for Ågotnes

Dokument:

Bildøyna/Sotra Kystby (2013 - 2024)

Kommunedelplanen skal leggje til rette for at Bildøyna vert ein del av ei vestleg utviding av regionsenteret Straume. Målet er å skape ein heilskapleg, sjøvend kystby med levande bumiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar. Den overordna målsettinga om sjøvending er at Straume skal gjenskapa vestlandstradisjonen med ein aktiv sjøfront i kommunesenteret.

Planen gjev i hovudsak føringar for arealet på Nordre Bildøyna, og har avsett dette til sentrumsføremål. Det er sett krav til utarbeiding av tre områdereguleringsplanar.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend følgjande kommunedelplan:

  • Kommunedelplan for Bildøyna/Sotra Kystby

Dokument:

Trafikksikringsplan 2017-2020

Fjell kommunestyre vedtok kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 i møte 24/11-16. 

Kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 (TS-planen) er ei rullering av TS-plan 2013-2016/2020. Tekstdelen inneheld mindre endringar, medan handlingsdelen er revidert. Sykkel er komen inn som eit nytt satsingsområde i planen, noko som gjev fem satsingsområde i planperioden:

  1. Barn og unge: auka tryggleiken for mjuke trafikantar.
  2. Trafikantåtferd: prioritera førebyggjande og haldningsskapande arbeid.
  3. Sykkel: Fjell skal bli ein kommune der det er attraktivt og trygt å sykla.
  4. Arealplanlegging og utbygging: trafikksikring skal prioriterast i all planlegging, sakshandsaming, politiske vedtak og utbygging.
  5. Ulukker: redusera talet på personskadeulukker med 20% i planperioden.

Formålet med planen er å leggja grunnlaget for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid på lokalplanet. Planen fordelar 28 millionar kroner til trafikksikringstiltak i åra 2016 til 2020. Midlane vert fordelte på konkrete tiltak på det kommunale vegnettet, i tillegg til førebyggjande og haldningsskapande arbeid. Det står att nokre tiltak med midlar frå førre planperiode. Desse vert vidareført i ny planperiode.

Planen set av 100 000 kroner i året til førebyggande og haldningsskapande arbeid. Skular, barnehagar, lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til arrangement, materiell eller ulike trafikkopplæringsprosjekt. Det skal òg bli arrangert ein årleg trafikksikringsdag i kommunen.

TS-planen legg også fram ei liste over naudsynte tiltak på fylkesvegane. Det er Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen som har ansvaret for fylkesvegane. Lista må leggjast til grunn når fylkeskommunen og Vegvesenet prioriterer og budsjetterer vegprosjekt og trafikksikringstiltak. Det må arbeidast både politisk og administrativt for å få prioritert arbeid på vegnettet i Fjell.

Hovuddokument:

Trafikksikringsplan 2017-2020

Vedlegg:

Bustadutvikling 2013-2020

Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 er eit strategisk dokument for kommunen sitt arbeid knytt til bustad. Fjell ønskjer å utvikla gode og trygge bustadmiljø der bebuarane trivst og vert buande. For å sikra eit berekraftig utbyggingsmønster og variasjon i bustadsamansettinga set planen visse føringar.

Den sosiale bustadpolitikken er sentral. Difor inneheld planen ei rekkje tiltak som skal sikra at innbyggjarane får bu i eigen bustad, eigd eller leigd, og i eit bustadmiljø som er eigna for livssituasjonen til den enkelte. 

Hovuddokument:

Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 – Eigen bustad i eigna miljø

Vedlegg:

Kontakt: Cecilie.Krohn@fjell.kommune.no og Hanna.Gjesdal@fjell.kommune.no

Vassforsyning og avlaup/vassmiljø 2011-2022

Føremålet med planen er å sikra at alle i Fjell alltid har tilgang på nok vatn av god kvalitet, og at transport og reinsing av avlaupsvatn er kvalitetssikra for å hindra skade på helse og natur.

Dokument:

Informasjons- og kommunikasjonsplan 2009 - 2012

Denne planen fastset mål og strategiar for informasjons- og kommunikasjonsverksemda til kommunen, og foreslår tiltak for å dekka informasjonsbehovet internt og eksternt.

Tiltaka omfattar heile den kommunale verksemda, og set særleg fokus på informasjons- og kommunikasjonsbehova til innbyggjarar, media og næringsliv.

Innsyn i den kommunale verksemda, informasjon om tenestetilbod og betre kommunikasjon med innbyggjarane er også viktige tema i IKT-planen.

Dokument:

Energi, miljø- og klimaplan 2009 - 2012

Energi-, miljø- og klimaplan 2009-2012 er Fjell kommune sin strategi for å sikra ei berekraftig utvikling. Visjon og målsettingar følgjer Noreg sine forpliktingar i Kyoto-protokollen, og dei nasjonale føringane som ligg i Klimameldinga.

Den langsiktige visjonen er at Fjell kommune skal vera klimanøytral i 2050. På kort sikt (i planperioden) er målet å redusera klimagassutsleppa til 26,7% under 1991-nivået.

Planen gjeld for alle sektorar og område i kommunen, og inneheld ei rekkje tiltak retta mot energibruk, transport, avfallshandtering og samarbeid med næringsliv og nabokommunar.

Dokument:

Helse-, sosial- og omsorgsplan m/bustadsosialt handlingsprogram 2008 - 2011/16

Fjell kommune har eit kontinuerleg fokus på å utvikla tenester i tråd med innbyggarane og samfunnet sine skiftande behov, forventingar og krav. Kommunen skal syta for effektive tenester av god kvalitet med brukaren i sentrum.

Denne planen skal vera eit verktøy for å justera og korrigera dei kommunale tilboda etter innbyggarane sine nye behov, slik at kommunen kan tilby stabile helse-, sosial- og omsorgstenester av god kvalitet.

Dokument:

Idrett og fysisk aktivitet 2011 - 2018

Plan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 er eit overordna politisk styringsdokument innan områda idrett og fysisk aktivitet, og skal vera styrande for samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane.

Planen legg til rette for at folk kan vera fysisk aktive, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn. Det er særleg lagt vekt på eit aktivt friluftsliv. Dette vert rekna som eit lågterskeltilbod som alle kan ta del i.

Dokument:

Kulturplanen 2007 - 2010

Fjell kommune har eit mangfaldig og rikt kulturliv. Gjeldande kulturplan set fokus på kva kommunen si rolle i Fjellkulturen skal vera, og korleis ein best kan legga til rette for kulturell utvikling. Å gje rom for både samlande aktivitetar og aktivitetar som opnar for mangfald, er viktige kulturpolitiske mål.

Kulturplanarbeidet i Fjell famnar derfor breitt. Oppleving, identitet, fellesskap, tradisjon og kunst er viktige stikkord, og er uttrykt i ein eigen visjon for Fjellkulturen: «aktiv oppleving, fellesskap og identitet for alle».

Kulturplanen peikar på tiltak for å ta vare på og vidareutvikla Fjell kommune sin eigenart kring kystkulturen, å utvikla ein markert og synleg kulturprofil, og å finna tenelege arenaer der kulturutøvarar skal kunna skapa, formidla og oppleva ulike kulturuttrykk.

Dokument:

Skule og utdanningsplan 2011 - 2014

Skulane i Fjell skal gje elevane eit læringsgrunnlag som dei kan vidareutvikla heile livet. Grunnleggjande kunnskap er ein føresetnad for livslang læring. Alle elevane skal derfor oppleva meistring og læring tilpassa den einskilde sine føresetnader og behov. Dei føregåande skuleplanane har særleg vore opptekne av å sikra skulekapasitet til ein stadig veksande elevmasse.

Skule- og utdanningsplanen 2011-2014 markerer at auken i elevtalet ikkje vil vera like stor i åra som kjem. Dette betyr at planfokuset er flytta frå skulekapasitet og -utbygging, til å handla om ulike tiltak knytt til kvalitet og innhald i skulen.

Planen inneheld ei rekkje tiltak for å fremja livslang læring, deltaking i kulturskulen, trygg skuleveg og sykkel-/gangveg mm. 

Dokument:

Ungdomsplan 2006 - 2007

Denne planen er for all ungdom mellom 13 og 19 år busett i Fjell kommune. Ungdomen sjølv har gitt innspel til tiltak for å styrka fritidstilbodet, aktivitetar knytt til skule, kollektivtilbodet, helse- og rådgivingstenesta og korleis kommunen kan få auka kunnskap om og frå ungdomen.

Dokument:

Pågåande planar

Sotra Kystby

Bildøyna skal utvikla seg til eit urbant område med eit levedyktig, berekraftig og attraktivt sentrum. Tre områdeplananar skal sikra ei heilskapleg og funksjonell utvikling av områda, med ein bymessig bygningsstruktur. Områdereguleringane skal sikra samanhengande grønstruktur i form av t.d. plassar, parkar/friområde, aktivitetsområde og strandpromenadar. Planane skal legga til rette for ei høg utnytting, der gode gang-/sykkelsamanhengar og eit godt kollektivsystem vert prioritert framfor tilgjenge for bil.

  • SE1 Bildetangen
  • SE2 Straumesosen
  • SE3/B1 Branndalsåsen

Dokument

Kommunedelplan for Bildøyna/Sotra Kystby

Mobilitetsplan

Naturmangfald

Kulturminne

Samordna teknisk plan

Høgspent

I samband med etablering av Straume Sjøfront ved Straumsundet er det naudsynt å fjerne eksisterande luftleidningar over sundet for å gi plass til nye bustader. BKK NETT AS driver då for tida og skifter ut luftleidningane med kabel.

Arbeidet medfører graving av nye kabelgrøfter på vest og austsida av Straumsundet , samt etablering av tilkomstveier til anlegget.

Arbeidet skal tentativt være ferdig våren 2016. I perioden er det pårekneleg med noe støy frå gravemaskiner og lastebiler til/frå anlegget.

Størstedelen av gravearbeidet vil imidlertid være ferdigstilt innan september 2015

Lenker

Næringsareal på Eide

Områdereguleringa er ein kommunal plan i regi av Fjell kommune. Planen vert utarbeidd på privat initiativ frå Marine Eide AS og Franzefoss Utvikling AS, med ABO Plan og arkitektur som ansvarleg plankonsulent.

Planområdet omfattar Franzefoss si regulerte verksemd i nord, og skal legga til rette for vidareutvikling av næringsareal i søre delen av Eide.

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune vedtok 1 desember 2015 oppstart av områdereguleringsplan og utlegging av planprogram for næringsareal på Eide. Planprogrammet vart godkjend i komité for plan og utvikling 8. mars 2016. Planprogrammet for områdereguleringa gjev føringar for planprosessen, legg rammer for vidare planarbeid og viser kva tema som skal skildrast og utgreiast.

Dokument

Kontaktinformasjon

Saksordførar Tom Georg Indrevik, tomgeorg.indrevik@fjell.kommune.no Prosjektleiar Lisbeth Selstø, lisbeth.selsto@fjell.kommune.no tlf.: 55 09 73 72

Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020

Fjell kommune er i gang med utarbeiding av energi-, miljø- og klimaplan. Planen vert utarbeidd som ein handlingsplan.

Komité for drift og forvaltning godkjente i møte 18.10.2016 eit arbeidsprogram for planprosessen. Arbeidsprogrammet skal gjera omgjevnader og aktuelle mynde kjende med planarbeidet på eit tidleg stadium i prosessen. Programmet gjer greie for føremål med planarbeidet, synleggjer kva tema som skal utgreiast og skildrast, gjev føringar for planprosess og legg til rette for medverknad.

Sentrale tema som skal takast opp i planen:
• Energi: Fornybare energikjelder, miljøvenleg energiomlegging og energieffektivisering i kommunale bygg.
• Miljø: Vatn- og grunnforureining, forsøpling og avfallsreduksjon.
• Klima: Klimagassutslepp, klimaendringar og klimatilpassing (ekstremnedbør/overvatn, sterk vind, auka havnivå etc.)
Planarbeidet er organisert med Komité for drift og forvaltning som styringsgruppe, og Odd Arvid Valvatne (AP) som politisk saksordførar. Det er etablert to administrative arbeidsgrupper som skal drøfta fram tiltak omkring hovudtema energi, miljø og klima.

Jamfør framdriftsplanen skal planen vedtakast i kommunestyret våren 2018.

Dokument:

Kontaktinformasjon: Plan- og utbyggingssjefen ved samfunnsplanleggjar Andreas Moen: Andreas.Moen@fjell.kommune.no, Tlf: 55097335

Plan for kulturminne 2016-2020

Fjell kommune er i gang med utarbeiding av plan for kulturminne. I medhald av planstrategi for Fjell skal planen utarbeidast som temaplan. Planen vil i hovudsak ta for seg faste kulturminne.

Komite for drift og forvalting godkjende i møte 07.06.2016 framlegg til arbeidsprogram for kulturminneplanen for utlegging til offentleg høyring.

Storasundet på Kulturminnedagane 2002
Storasundet på Kulturminnedagane 2002

Arbeidsprogrammet skal gjera omgjevnader og aktuelle mynde kjende med planarbeidet på eit tidleg i prosessen. Programmet skal gjere greie for føremål med planarbeidet, synleggjera kva tema som skal utgreiast og skildrast, gje føringar for planprosess og leggja til rette for medverknad.

Formålet med kulturminneplanen er å kartlegge og prioritere kulturminne som er viktige lokalt. Dette er kulturminne som i framtida vil danne grunnlag for opplevingar, kunnskap og ressursgrunnlag for verdiskaping. Ved å sette kulturminnevernet på dagsorden kan ein skape eit godt grunnlag for ei heilskapleg kulturminneforvalting til bruk i arealplanlegging og byggesakshandsaming. Planen vil skape meir føreseielege tilhøve for eigarar av kulturminna og medverka til at folk flest får auka kunnskap og interesse for kulturminne.

Målet er godkjend plan hausten 2017.

Dokument:

Dokumenta ligg også til ettersyn i høyringsperioden 20.07-21.09.2016

  • Servicetorget i Fjell rådhus
  • Fjell Folkeboksamling, Straume

Innspel til arbeidsprogrammet kan sendast innan 21. september 2016 til: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume merka « Kulturminneplan saksnummer 2013/2644» elektronisk skjema for høyringssvar

Kontaktinformasjon: Plan- og utbyggingssjefen v/Arealplanleggjar Aud Raknem, e-post aud.raknem@fjell.kommune.no  

Andre planar

Kulturminneplan 2016 - 2020

Dokument:

Alkoholpolitisk handlingsplan 2016 - 2020

I alkohollova vert ei rekke kryssande omsyn ivaretekne. På den eine sida aksepterer styresmaktene at alkohol skal vere ei tilgjengeleg vare. På den andre sida skal dei sosiale og helsemessige skadane alkoholbruk medfører, avgrensast.

Dokument:

Avfallsplan for hamner

Alle kommunar pliktar å utarbeida ein felles avfallsplan for private og kommunale hamner som tek imot hushaldsavfall. Målet med avfallsplanen er å sikra etablering og drift av tilfredsstillande mottaksordningar for avfall frå småbåtar/lystbåtar, og syta for at avfall frå desse vert levert til mottaksordning i hamnene.

Planen omfattar avfall som har oppstått om bord i båt, men viser også til at småbåthamner som har båtopplag/vinterlagring, skal ha returordning for farleg avfall (til dømes båtpuss). Den hamneansvarlege skal følgja opp avfallsplanen.

Småbåthamner som ikkje bidreg med naudsynte opplysningar til kommunen, må sjølv utarbeida ein avfallsplan.

Dokument:

Handlingsplan for rusomsorg 2015 - 2020

«Samordna rusomsorg med brukar i sentrum» er visjonen for denne rusomsorgsplanen. Planen peikar ut konkrete mål, strategiar og tiltak innan fire hovudtema: 1) samordning av rusomsorgstenesta i kommunen, 2) tenestebehov og tenesteutvikling, 3) bustader i rusomsorga og 4) kompetanse- og kunnskapsbehov.

Dokument:

Vedlegg:

Overordna risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS-analysar)

Alle kommunar pliktar å gjennomføra ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) knytt til samfunnstryggleik i kommunen. Fjell kommune har vedteke to overordna ROS-analysar, KystROS 2014 og KommuneROS 2014. KystROS 2014 er eit interkommunalt prosjekt for kommunane Askøy, Austevoll, Fjell, Sund og Øygarden.

Analysane gir eit risikobilete av bl.a. klimaendring og naturulykker, epidemiar og helseberedskap, fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdommar og landbruk, svikt i infrastruktur, storulykker, atomulykker og radioaktiv stråling og akutt forureining.

KommuneROS 2014 er ein tilleggsdel for Fjell kommune, og tek for seg risiko knytt til skred, ekstremnedbør, vind, høg vasstand og skog- og lyngbrann.

Dokument:

Næringsplan - strategisk for Fjell 2004 - 2007

Fjell har som mål å vera ein aktiv og påliteleg samarbeidspart for næringslivet i kommunen. Godt samarbeid er viktig, både for å sikra eksisterande sysselsetting og skapa ny vekst og utvikling.

Den strategiske planen peikar ut ei rekkje tiltak knytt til transport, infrastruktur, servicetilbod, tilrettelegging av areal til næring, kompetansebygging og samarbeid med nabokommunane for å stimulera til positiv vekst i næringslivet.

Dokument:

Landbruksplan - strategisk for Fjell, Sund og Øygarden 2004 - 2007

Norsk landbruk sørgjer for trygg matproduksjon, matforsyning, berekraftig ressursforvaltning, levande kulturlandskap, sysselsetting og busetting. I tillegg er landbruket ein viktig premissleverandør for turisme og reiseliv, og tilbyr samfunnsteneste i form av t.d. «Inn på tunet».

Strategisk landbruksplan for Fjell, Sund og Øygarden er ein felles tiltaksplan for å sikra det framtidige landbruket i regionen. Hovudsatsingar, strategiar og tiltak er knytt til ny næringsutvikling, forvalting av kulturlandskapet og godt samarbeid.

Dokument:

Målbruksplan

Det allmenne talemålet i Fjell har i mange generasjonar lege tett opp til nynorsk. Derfor er det naturleg at den skriftlege målforma er nynorsk. Med den sterke veksten og den store innflyttinga, er vi under eit språkleg press. Av den grunn er det viktig å ha ein medviten målpolitikk.

Nynorsk er det offisielle styringsmålet i Fjell kommune. Alle tilsette og kommunale organ pliktar derfor å bruka nynorsk skriftmål i tenesta. Kyrkja, kommunale selskap og stiftingar, der Fjell kommune har eigarskap, skal også nytta nynorsk som skriftmål.

Dokument:

Helsetenester for flyktningar og asylsøkjarar, 2010

Asylsøkjarar og flyktningar som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester. Helsetilbodet i kommunen skal sørgja for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp.

Med ein plan for helsetenester for flyktningar og asylsøkjarar ønskjer vi å seia noko om korleis arbeidet skal/kan verta gjort i Fjell kommune. Planen er først og fremst for helsepersonell, men og for samarbeidspartar, administrasjon og politikarar som skal ha kjennskap til helsetenesta for flyktningar i Fjell kommune.

Dokument:

Psykisk helse 2006 - 2009

Fjell kommune skal gje samordna og heilskaplege tenester til menneske med psykiske lidingar. Tilbodet skal utformast i lag med brukar og pårørande.

Gjeldande plan inneheld ei rekkje tiltak for betra samordning og samarbeid, både internt i kommunen og med Helse Bergen. Planen peikar også ut konkrete tiltak for å betra bustadsituasjonen og arbeids- og dagtilbodet til menneske med psykiske lidingar. 

Dokument:

Tiltaksplan mot rus 2002 - 2005

Planen tek for seg utfordringane innan rusførebyggjande arbeid, omhandlar konkrete tiltak på kort og lang sikt og legg opp til nye måtar å arbeida saman på, for å møta utfordringane.

Ruskoordinator er skissert som eit viktig tiltak for å sikra igangsetting og oppfølging av tiltaksplanen i Fjell kommune, og ikkje minst bidra til ei samhandling internt i kommunen og med t.d. lag, organisasjonar, kyrkja og lensmannskontor.

Dokument:

Skulehelsetenesta 2010

Skulehelsetenesta skal vera bedriftshelsetenesta til elevane, og gje eit heilskapleg tilbod for å ivareta den fysiske og psykiske helsa hos barn og unge, og deira familiar.

Plan for skulehelsetenesta i Fjell har som mål å vera eit bindeledd mellom skulehelsetenesta, skulane og andre samarbeidspartar, i tillegg til foreldre/føresette. Intensjonen er at planane skal stimulera til gode samarbeidsløysingar, og sikra at barn og unge veks opp i trygge og helsefremjande omgjevnadar.

Dokument:

Sykkelstrategi 2015 - 2018

Intensjonen med sykkelstrategien er å starta eit systematisk arbeid for å auka sykkelandelen og bruk av sykkel i Fjell kommune. Sykling er ei effektiv og billig transportform som gjer det enkelt å ta seg fort fram på kortare avstandar. Sykling har svært positive ringverknader og bidreg til mindre støy, mindre luftforureining, betre arealutnytting og betre folkehelse.

Hovudmålet med sykkelstrategien er derfor at fleire skal kunna sykla i Fjell kommune. Sykling skal vera trygt, effektivt og attraktivt. Å få på plass fleire sykkelstiar til korte og lengre reiser, er derfor ein viktig del av sykkelstrategien til Fjell.

Dokument:

IKT-strategi, 2012

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er eit viktig verktøy for utvikling av den kommunal verksemda og ein føresetnad for direkte tenester over nett til innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar.

Fjell kommune legg vekt på bruk av IKT i alle delar av tenesteapparatet, og styrer dette gjennom eige IKT-planverk. IKT strategien skal vera kommunen sitt verktøy for å gjera Fjell til den mest veldrivne kommunen i landet.

Dokument:

Ny skulestruktur, 2013

Skulesjefen i Fjell kommune har to gjeldande planar, ein for innhaldet i skulen og ein for skulestruktur.

Arbeidet med ny skulestruktur for Fjell kommune vart starta opp januar 2012, med ei tverrpolitisk arbeidsgruppa på fem personar. Tverrpolitisk arbeidsgruppa besøkte alle barneskulane i kommunen, og fekk utarbeidd ein grunnlagsrapport, før høyringsframlegg til skulestruktur for Fjell kommune vart lagt fram. Framlegget låg ute på høyring i seks veker, og det kom inn 82 høyringsuttaler.

Nytt framlegg til skulestruktur for Fjell kommune 2013-2030 vart lagt fram som sak i kommunestyre 20. juni 2013. Vedtaket i kommunestyre syner gjeldande skulestruktur for kommunen.

Dokument:

Kommunal planstrategi

Prioriteringar og satsingar vert styrt av Planstrategien for Fjell kommune 2016 – 2019.

Kommunal planstrategi er heimla i plan- og bygningslova (§10-1), og skal utarbeidast minst éin gong kvar valperiode. Føremålet med den kommunale planstrategien er å prioritera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for best å møta kommunen sine behov.

Planstrategien er basert på kommunen sine strategiske val for samfunnsutviklinga, samt nasjonale og regionale føringar.

Les meir om planstrategien for Fjell kommune 2016 - 2019

Fjell kommune ved komité for drift og forvaltning gjorde 8. mars 2016 vedtak om forslag til planstrategi for 2016-2019. Forslaget vert med dette gjort offentleg i samsvar med plan- og bygningslova §10-1.

Dokument:

Handlingsprogram, økonomiplan og årsbudsjett

Kommuneplanen skal i følgje plan- og bygningslova (§11-1 og §11-4), og ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak dei neste fire åra eller meir. Framlegg til handlingsprogram 2017-2020 viser tiltak kommunen skal arbeida med i løpet av dei neste fire åra. Programmet består av 83 tiltak, og tolv politisk prioriterte mål for perioden 2017-2020.

Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein rullerande økonomiplan, som minst skal omfatte dei neste fire budsjettår. Økonomiplanen skal omfatte heile kommunen sin verksemd og gje ein realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.

Kommunestyret skal innan utgangen av året vedta budsjett for komande kalenderår. Årsbudsjettet er ein bindande plan for kommunen sine midlar og bruk av desse i budsjettåret. Årsbudsjettet skal vere realistisk og skal omfatte heile kommunen sin verksemd.

Handlingsprogram 2017-2020, Økonomiplan 2017-2020 og Årsbudsjett 2017

Årsmeldingar

Årsmeldinga er rådmannen sin presentasjon av kva for tenester kommunen har produsert, grad av måloppnåing og årsrekneskap. Meldinga er primært retta mot politikarane, men skal og fungera som eit informasjonsdokument for innbyggjarane i kommunen, næringsliv og andre interesserte.

Årsmelding 2016

Kort forklart

Kommunestyret sine planoppgåver og planmynde

Kommunestyret har ansvaret for den kommunale planlegginga og skal sørgja for at plan- og bygningslova vert fylgt i kommunen. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi, kommuneplan, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Kommunen organiserer arbeidet med den kommunale planlegginga, og opprettar dei utvala og treff dei tiltaka som er nødvendige for gjennomføring av planlegginga. Kommunestyret skal sikra at kommunen har tilgang til nødvendig planfagleg kompetanse.

Kommunal planstrategi

Dokument der det nye kommunestyret ut frå kommunen sine utfordringar tek stilling til om kommuneplanen skal reviderast eller ikkje, og om det er andre viktige planoppgåver som skal prioriterast i kommunestyreperioden. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi seinast eitt år etter at det er konstituert. Heimla som krav i § 10-1 i plan- og bygningsloven.

Kommuneplan

Alle kommunar skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel som dekkjer heile kommunen sitt areal. Heimla som krav i § 11-1 i plan- og bygningslova.

Samfunnsdelen til kommuneplanen

Samfunnsdelen er verktøyet for den heilskaplege planlegginga i kommunen, og for strategisk overordna styring. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen vektleggja viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, og synleggjera dei strategiske vala kommunen tek. Spesielt viktig er dette for sentrale samfunnsforhold som vekst og utvikling, folkehelse, miljø, barn og unge, integrering, samferdsle og næringspolitikk.

Kommuneplanen skal vidare synleggjera utfordringar, mål og strategiar for kommunen som tenesteleverandør og organisasjon.

Arealdelen til kommuneplanen

Arealdelen til kommuneplanen er ein oversiktsplan som viser hovudtrekka av korleis areala i kommunen skal brukast og vernast, og kva som må takast omsyn til ved disponering av areala for å oppnå måla for den ønska samfunnsutviklinga. Arealdelen omfattar arealkart, føresegner og planskildring med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbaranalyse. Arealdelen til kommuneplanen er bindande for framtidig arealbruk, og vedteken plan skal leggast til grunn for vidare planlegging og forvalting.

Kommunedelplan

Ein kommunedelplan kan utarbeidast for eit geografisk område, eit tema eller for eit tenesteområde, og er i planlova tenkt som ei utdjuping av kommuneplanen. Planen følgjer same lovverk som arealdelen til kommuneplanen. Kommunedelplaner for ein del av kommunen sitt areal vert vedtatt med rettsverknad.

Kommuneplanprosess

Ein kommuneplanprosess er ein planprosess som følgjer prosessreglane for kommuneplanlegging i plan- og bygningslova. Kommunen må ha fylgt prosessreglane for å kunna vedta kommuneplanen. Prosessreglane er:

  • Planoppstart skal varslast.
  • Det skal lagast eit planprogram som vert lagt ut til høring og offentleg ettersyn i minst seks veker før kommunen fastset det.
  • Forslag til kommuneplan skal leggjast ut til høring og offentleg ettersyn i minst seks veker. Vedtatt kommuneplan skal kunngjerast.
Rullerande kommuneplanlegging

Rullerande kommuneplanlegging inneber at kvart kommunestyre i starten av kommunestyreperioden går gjennom den gjeldande kommuneplanen og tek stilling til om den skal reviderast eller ikkje. Dette vert gjort gjennom vedtaket av den kommunale planstrategien.

Denne rulleringa av kommuneplanen vert ofte kalla fireårshjulet. I tillegg går "årshjulet" med årleg rullering av handlingsdel med økonomiplan, årsbudsjett og årsmelding/rekneskap og tertialrapportar.

Planprogram

Program for korleis planprosessen skal gjennomførast og kva hovudspørsmål planarbeidet skal ta opp. Kommunen bestemmer sjølv innhaldet i planprogrammet. Planprogrammet skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn i seks veker, og fastsetjast av kommunestyret. Kommunestyret kan delegera denne mynda etter kommunelova.

Medverknad

Medverknad inneber at befolkning, næringsliv og organisasjonar skal få høve til å komma med innspel og synspunkt når det vert utarbeidd planar etter plan- og bygningslova. Etter § 5-1 i plan- og bygningslova har alle som utarbeidar og fremjar planforslag plikt til å leggja til rette for medverknad, særleg for grupper som elles ikkje så lett kjem til orde i planprosesser, t.d. barn og unge. Det er viktig å tilpassa opplegget til planoppgåva, slik at det ikkje vert lagt opp til medverknad om spørsmål det i realiteten er vanskeleg å medverke om.

Fag- og temaplanar

Fag- og temaplanar omfattar planar som handlar om kommunen sine tenesteområde eller særskilte tema. Fag- og temaplaner er ikkje nødvendigvis planar etter plan- og bygningslova og treng ikkje handsamast etter lova sine prosessreglar. Nokre av planane er lovpålagte etter sektorlovar, medan andre vel kommunen å utarbeida sjølv. Eksempel på fag- og temaplanar i Fjell kommune er handlingsplan for rusomsorg, plan for skulehelsetenesta og plan for informasjonstryggleik.

Strategi

Ein strategi skal synleggjera og avklara prioriterte satsingsområder og verkemiddelbruk innanfor eit tema eller eit fagområde. Det er ingen formelle krav til prosess og medverknad. Eit strategidokument vert ofte nytta til meir intern bruk, og har ingen formell status utover kommunalt vedtak med politiske prioriteringar.

Handlingsdel

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak. Handlingsdelen gjev grunnlag for kommunen sine prioriteringar av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver, og konkretiserer tiltaka innanfor kommunen sine økonomiske rammer. Det er vanleg å slå saman kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplanen. Kravet om handlingsdel er nedfelt i § 11-1 og § 11-4 i plan- og bygningslova.

Økonomiplan

Kommunestyret skal etter § 44 i kommunelova ein gong i året vedta en rullerande økonomiplan. Økonomiplanen skal omfatta minst dei fire neste budsjettår, omfatta heile kommunen si verksemd og gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.

Interkommunalt plansamarbeid

Interkommunalt plansamarbeid inneber at to eller fleire kommunar samarbeider om planoppgåver. Gjennom interkommunalt plansamarbeid kan planoppgåver som går på tvers av kommunegrensene løysast, og kommunane kan utnytta felles kompetanse. Plan- og bygningslova har eigne reglar om interkommunalt plansamarbeid som kommunane kan bruka om det er ønskeleg.

Regional planmynde

Fylkestinget er regional planmynde etter plan- og bygningslova og skal vedta regional planstrategi og regionale planar.

Regionale mål

Mål som vert vedteke av fylkestinget som planmynde. Vert vedteken gjennom regionale planar.

Regional planstrategi

Gjer greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, og avklarar kva spørsmål som skal takast opp gjennom regionale planar i fylkestingsperioden. Skal vedtakast av fylkestinget.

Regionalt planforum

Møteplass for å klarleggja statlege, regionale og kommunale interesser i arbeidet med regionale og kommunale planar. Vert administrert av fylkeskommunen.

Nasjonale mål

Staten har gjennom stortingsmeldingar og rundskriv lagt ei rekkje nasjonale mål for planlegginga i kommunar og fylke. Måla gjeld mange samfunnsområde, og kan for eksempel i arealplanlegginga stå i konflikt med kvarandre.

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging

Gjev ei oversikt over interesser og oppgåver regjeringa meiner det er viktig at fylkeskommunane og kommunane fokuserer på i planlegginga for å bidra til gjennomføring av gjeldande nasjonal politikk. Skal etter § 6-1 i plan- og bygningslova vedtakast ein gong kvart fjerde år.

Kommunane sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å ta i vare både lokale, regionale og nasjonale omsyn og interesser i planlegginga.

Motsegn

Dersom det i ein arealplan fremja av kommunen er konflikt med nasjonal eller regional interesse, kan fylkeskommunen eller berørt statleg mynde fremja motsegn. Motsegn inneber at kommunen ikkje kan vedta arealplanen med endeleg rettsverknad. Motsegn kan fremjast til kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan for areal, eller reguleringsplan.

Kommunen sitt plansystem

Kommuneplanlegginga er eit viktig verktøy for det lokale folkestyret og kommunen som organisasjon og samfunn. Gjennom planlegging kan ein leggja til rette for ønska samfunnsutvikling, arealforvalting og tenesteproduksjon. For å få eit enkelt og godt kommunalt plansystem må det vera ein samanheng mellom kommunen sine ulike planar. Det må vera ein raud tråd frå kommuneplanen via fag- og temaplanar til handlingsdel med økonomiplan. 

Kommunal planstrategi


Publisert: 23.05.2016 13:24
Sist endret: 18.04.2017 12:20