Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigedomsskatt - retaksering

I samband med endringar i eigedomsskattelova med verknad frå 2019 er det trong for å utføre retaksering av nokre eigedommar. Dette gjeld næringseigedommar der takstgrunnlaget og har omfatta maskiner og utstyr, såkalla verk og bruk. Frå 2019 skal ikkje lenger maskinar og utstyr inngå i skattegrunnlaget saman med sjølve eigedommen. I ein overgangsperiode på 7 år skal skatten på maskinar og utstyr for verk og bruk avviklast , medan bygningar skal skattast som næringsbygg vidare framover. Slike eigedommar må difor få ny takst, og retaksering vil finne stad i ein periode framover. Takstfirmaet Eskan AS vil ta kontakt med dei aktuelle eigarane dersom det er trong for ei ny synfaring. Mogelege eigarar er med dette varsla.

Med helsing
Eigedomsskattekontoret
Fjell kommune


Publisert: 04.12.2018 07:13
Sist endret: 04.12.2018 07:13