Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigedomsskatt for 2019 er no utskriven

Med bakgrunn i eigedomsskattelova og vedtak i kommunestyret 13.12.2018 er eigedomsskatt for 2019 er no utskriven.

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:

Det vert skrive ut eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum i 2019 med ein sats på 3 promille av skattetakst vedteke i eigedomsskattenemnda, jfr §§ 3 c, 11 og 13 i eigedomsskattelova. For eigedomsskatteåret 2019 skal det og skrivast vut eigedomsskatt på eit særskild fastsett grunnlag i høve til overgangsregel til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 første ledd.

Overgangsregel til eigedomsskattelova §§ 3 og 4:

Kommunar som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk som frametter vert rekna som næringseigedom kan frå skatteåret 2019 skrive ut eigedomsskatt på eit særskild fastsett grunnlag. Det særskilde grunnlaget skal baserast på differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget. Det særskilde grunnlaget skal i 2019 vere lik seks sjudelar av differansen , og reduserast med ein sjudel i kvart påfølgjande år . Skattesatsen ved slik avtrappa utskriving kan ikkje vere høgare enn den som blei nytta for dei same eigedommane for skatteåret 2018.

På bakgrunn av endringane i eigedomsskattelova om eigedomsskatt på eit særskild grunnlag har eigedomsskattetakstnemnda (sakkunnig nemnd) i møte 20.02.2019 gjort vedtak om nye takstar for næringseigedom og produksjonsutstyr- og installasjonar på dei eigedommar som er omfatta av overgangsregelen.. Det er teke omsyn til ordninga med at skattetaksten er 65 % av den takserte marknadsverdien. Det er for 2019 skrive ut eigedomsskatt på det særskilde grunnlaget med ein skattesats på 2 promille.

Dei som er omfatta av eigedomsskatt mottek eigen skatteseddel.

Eigedomsskatten vert fakturert i to terminar med forfall 20.07.2019 og 20.12.2019.

Offentleg gjennomsyn

Her kan du sjå skattelister for 2019

Spørsmål

Spørsmål til skattelistene kan rettast til eigedomsskattekontoret v/ Heine Kleppe innan 8. april 2019.


Sist endret: 28.02.2019