Facebook ikon Twitter logo Print side

Fakturering av feiegebyr for 2018

Fjell kommune sender i desse dagar ut faktura for feiegebyr for 2018. Gebyret er eit årleg gebyr fastsett av kommunestyret og går til alle alle eigedommar med skorstein og eldstad knytt til skorsteinen. For 2018 er gebyret fastsett til kr. 620,- eks moms (kr. 775,- inkl. moms) for bustader med ein skorstein. Gebyret dekker kommunen sine utgifter til feietenesta.

Øygarden brann og redning IKS (tidlegare Sotra Brannvern) er ansvarleg for feietenesta i Fjell kommune. Dei og nyttar eit matrikkelbasert administrativt system for feietenesta som produserer fakturagrunnlaget for dei rekningane Fjell kommune sender ut.

Fakturaen vert sendt til den som er registrert som eigar i matrikkelen. Dersom det er fleire eigarar går den til den som har høgast alder.

Dersom du har spørsmål knytt til kven som er fakturamottakar eller kor tid feiing eller brannsyn har vore eller skal utførast ta kontakt med Øygarden brann og redning på epost post@oybr.no eller telefon 56 33 40 10.

www.oybr.no

Dersom du har andre spørsmål knytt til fakturaen ta kontakt med Fjell kommune, økonomiavdelinga på epost postmottak@fjell.kommune.no

eller på telefon 55 09 60 00

Dersom du ønskjer å opprette avtale om autogiro, e-faktura osv. gjer du dette i nettbanken.

Meir info kan du finne på kommunen sine heimesider www.fjell.kommune.no/plan-bygg-og-eigedom/feiing-og-brannvern/


Publisert: 06.12.2018 12:33
Sist endret: 06.12.2018 12:35