Facebook ikon Twitter logo Print side

Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022

Høyring/offentleg ettersyn av Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell - Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022.

Komite for drift og forvaltning (KDF) vedtok 04.06.2019 å leggja framlegg til Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022 ut på høyring og offentleg ettersyn i sju veker. Høyringsperioden vert f.o.m. 27. juni t.o.m. 15. august. Dette brevet vert sendt til aktuelle offentlege instansar, frivillige organisasjonar som har engasjert seg i planarbeidet og andre som vi ynskjer tilbakemelding frå. Vi vil understreka at alle har høve til å uttale seg om planarbeidet.

Planarbeidet

Kommunestyret vedtok i desember 2015 at arbeidet med plan for kulturminne skulle starta opp i 2016. Komite for drift og forvaltning vedtok i juni 2016 å senda framlegg til planprogram for kulturminneplan ut til høyring og offentleg ettersyn. Planprogrammet blei godkjent i desember 2016. I medhald av vedteken planstrategi for Fjell, er planen utarbeidd som temaplan. Dette er den fyrste, og grunna kommunesamanslåinga, den einaste kulturminneplanen for fjell kommune.

KDF er styringsgruppe for planen og har valt Andreas Sjalg Unneland (SV) til saksordførar. I planarbeidet har ein søkt å følgja målsetjingane og strategien i planprogrammet. Temaplanen skal sikra at eit representativt utval kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap viser det som er typisk eller særprega for Fjell. Dei overordna måla med planen er å setja kulturminne-vernet på dagsorden, byggja opp under ei føreseieleg kulturminneforvalting, kartleggja og prioritera lokale kulturminne samt auka kunnskapen og interessa for kulturminne blant folk flest.Ei liste over prioriterte kulturminne og kulturmiljø, som er vurdert til å inneha høg verneverdi er definert samt ein tiltaksplan som femnar om bevaring, forvalting og formidling er utarbeida. Tiltakplanen synleggjer breidda i aktørar og prosjekt på kulturvernfeltet.

Dokument

Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell - Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022

Merknader

Planutkastet vil og vera tilgjengeleg ved Servicetorget i rådhuset og ved Fjell folkeboksamling (Sartor storsenter) i høyringsperioden (27.06.19 – 15.08.19).

Uttale med planen merkast med saksnr. 17/914 og sendast til:

Elektronisk skjema


Sist endret: 27.06.2019