Facebook ikon Twitter logo Print side

Tiltak for betre Trafikkflyt

Frå den 16. april er det gjennomført eindel tiltak for å få betre trafikkflyt mellom Sotra/Øygarden og Bergen. Desse trafikkomleggingane kan få konsekvensar for deg som trafikant.

Tiltak for god trafikkflyt

Vi ønskjer at tiltaka skal gjera kvardagen lettare for dei aller fleste. Likevel vil nokre trafikantar oppleva at dei må ta ein omveg.

Det er god samfunnsøkonomi å leggja til rette for god framkomst i trafikken. Kø er kostbart og frustrerande for trafikantane.

Tiltaka vert gjennomførte som eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune/Skyss, Politiet, Fjell kommune og
nabokommunane.

Tiltak

  • Tiltak langs vegen mellom Bildøyna og Straume - kryss riksveg 555/Bildøyvegen (Bildøypollen): Innkøyring forbode kl. 06.00 - 09.00 måndag - fredag. Unntak for innkøyring til Sotra Cementvarefabrikk.
  • Innkøyring på rv 555 på Straume retning Bergen. Forbod måndag - fredag kl. 06.00 - 09.00.
  • Arefjordsbrua. Forbod mot køyring over Arefjordsbrua retning Valen/rv. 555, måndag - fredag kl. 06.00 - 09.00.
  • Lyskryss rv 555/Arefjordsvegen (Valenkrysset), auka lengde tid for grønt lys.
  • Påkøyringsfelt Hjelteryggen, planarbeid er starta opp.
  • Vi oppmodar dei reisande til å ta bussen, sjå www.skyss.no

Kart

Kart over område med trafikktiltak

Brosjyre

Her kan du lesa brosjyren som vart levert som innstikk i Vestnytt fredag 13. april, (alle husstandene i Sund, Fjell og Øygarden).


Publisert: 12.04.2018 00:01
Sist endret: 04.04.2018 13:39