Facebook ikon Twitter logo Print side

Utleigebustader søkjast i Fjell kommune for tilvisningsavtale med kommunen og finansiering gjennom Husbanken

Fjell kommune ønskjer samarbeid med profesjonelle utleigarar om framskaffing av gode utleigebustader som eit supplement til kommunens eigne utleigebustader. Aktuelle bebuarar for tilvising av bustad vil primært vera økonomisk vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Fjell kommune ønskjer samarbeid med profesjonelle utleigarar om framskaffing av gode utleigebustader som eit supplement til kommunens eigne utleigebustader. Aktuelle bebuarar for tilvising av bustad vil primært vera økonomisk vanskelegstilte på bustadmarknaden.

I hovudsak ønskjer kommunen to-roms leilegheiter, men det er ønskeleg med også større bustader og prosjekt med variert leilegheitssamansetning. Bustadane skal ha høg standard på same nivå som nye eigarbustader.

Fjell kommune ønskjer å inngå tilvisingsavtale med firma som har som føremål å eige, forvalte og leige ut bustader. Tilvisingsavtala gjev kommunen rett til å vise bustadsøkjarar til bustadane som er omfatta av avtalen. Bustadeigar inngår leigekontrakt med den enkelte bustadsøkjar.

Fjell kommune ønskjer å tilby bustader i ulike delar av kommunen i nærleiken av offentleg kommunikasjon og private/offentlege tenestetilbod. I tilvisingsavtala skal kommunen ha tilvisingsrett til alle bustadane i prosjektet, men avtala skal avgrensas til 40 prosent av bustadane til ei kvar tid.

Ved etablering av utleigebustader med tilvisingsavtale gjennom nybygg, ombygging eller kjøpsprosjekt, kan det søkjast om Grunnlån frå Husbanken til heile prosjektet. Husbankens krav om kvalitet er samanfallande med byggteknisk forskrift. Husbanken skal sikra at bustadane i eigna.

For nærare informasjon om vilkår og lånetilbod ved grunnlån til utleigebustader med kommunal tilvisingsrett, sjå www.husbanken.no - Veileder for Husbankens grunnlån og veiviseren.no

Ved val av aktør/prosjekt vil kommunen vektleggja:

  • Beskriving av utleigeselskapet
  • Kvalitet og bustadstandard
  • Husleigenivå
  • Bustadens lokalisering, nærleik til skule/barnehage, offentlege tenester
  • Plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø
  • Tidspunkt for ferdigstilling.

Bustadbyggjarar kan tilby leilegheiter i fleire prosjekt og de må sjølv skaffe tomt til prosjekta.

Tilbod må innehalda: beskriving av utleigeselskap, plan, snitt og fasadetekiningar, samt situsjonsplan som synar lokalisering og planar for utvikling av tomta.

Nærare informasjon om tilvisingsavtalar kan fåast ved å kontakta Fjell kommune v/bustadkontoret tlf 55 09 60 00 eller bustadkontoret@fjell.kommune.no


Publisert: 20.06.2018 12:07
Sist endret: 20.06.2018 12:15
Bustadkontoret

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55 09 60 00