Facebook ikon Twitter logo Print side

Bildetangen - Bildøyna

Offentleg ettersyn av områderegulering for Bildetangen SE1, gnr. 34, bnr. 2, 3, 4, 6 m. fl. - Bildøyna.

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 27.08.2019 i sak KPU 69/19, godkjent at framlegg til detaljregulering for Områderegulering for Bildetangen SE1, gnr. 34, bnr. 2, 3, 4 og 6 m. fl. – Bildøyna, (PlanID: 20140001), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Formålet med områdereguleringa er å skape ein sjøvendt og variert bydel med levande bustadmiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar. Planframlegget vil saman med Straume og dei andre områda i kommunedelplanen for Bildøyna/Sotra Kystby 2013-2024, utgjere heilskapen i det framtidige regionsenteret.

Planframlegget legg til rette for etablering av omlag 3-4000 bustadeiningar og 100 000 m2 nytt næringsareal, med krav om vidare detaljregulering av dei ulike delfelta BS1-15.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 06.09. – 29.11.19

Merknader

Eventuelle merknader til planen kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 29.11.19.

Elektronisk skjema


Sist endret: 03.09.2019