Facebook ikon Twitter logo Print side

Bleivasshaugane - Vindenes

Planoppstart av detaljregulering for Bleivashaugane, gnr 26. 182 - Vindenes.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplanarbeid

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Ågotnes Næringspark AS er tiltakshavar. Vill Urbanisme er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Planområdet ligg mellom Skjergardsvegen, fv. 561 og Bleivassvegen, fv. 224. Området er i kommunedelplan for Ågotnes sett av til formål framtidig næring (NO3). 

Dokument

Formålet med reguleringa

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit næringsområde i tråd med kommunedelplanens intensjonar, med høg funksjonsblanding knytt til kontor, industri, lager mm.

Sentrale tema i planarbeidet vil vere tilkomst, moglegheit for gjennomgang for gåande og syklande frå mellom anna Barneshaugen. Ein vil også vurdere moglegheita for å etablere ein bussterminal innanfor planområdet.

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:
Vill Plan AS v/ Mats Mastervik, Øvre Seimsmark 9, 5260 Indre Arna.

Merknader kan også sendast på e-post til: www.villurbanisme.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 08.09.2019.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 19/1377.


Sist endret: 02.07.2019