Facebook ikon Twitter logo Print side

Dalatippen - Dala

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for massemottak på Dalatippen, del av gnr. 54/1 m.fl. - Dala (PlanID: 20190005).

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Dalatippen AS og Stracon AS.

Planområdet og planstatus

Planområdet ligg i Dala, Fjell kommune og utgjer om lag 184 daa. I Kommuneplanens arealdel er området avsett til LNF, delvis i omsynssone 540 – omsyn grønstruktur H540_20: Fjellparken.

Formålet med reguleringa

Hovudintensjonen med planframlegget er å legge til rette for massemottak med tilrettelegging for maskinell jordbruksdrift ved sluttføring. Dette inneber ferdiggjering av dei areala som er nytta til massemottak i dag, samt regulere nytt areal for utviding av mottaket ut i areal som består dels av dårleg drenert innmark og utmark med granskog.

Viktig tema som vil bli handsama i prosessen vil mellom anna være:

  • Utgreiing av naturmangfald
  • Kartlegging av naturtypar
  • Raudlista artar
  • Hjortetråkk
  • Sedimentutslepp i vassdrag og våg
  • Støv
  • Støy
  • Terrengtilpassing
  • Grønstruktur og friluftsliv
  • Risiko- og sårbarheitsanalyse

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her 

Merknader til reguleringsplanen?

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:
Stracon AS, Leirvikflaten 15b, 5179 Godvik.
Merknader kan også sendast på e-post til: post@stracon.no

Merkast med «6891 – Detaljregulering Dalatippen».

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for merknader er sett til 08.11.19

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling. Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 2019/2022 her


Sist endret: 04.10.2019