Facebook ikon Twitter logo Print side

Heimtun - Straume

Godkjent detaljeguleringsplan for Heimtun, gnr. 35/534 og 637 m. fl. - Straume.

Kommunestyret i Fjell kommune har i medhald av §12-12 i plan og bygningslova i møte 27.03.2014 i sak KS 4/19:

Godkjent detaljregulering for Heimtun, gnr. 35/534 og 637 m. fl. – Straume, (PlanID: 20120011).

Planområdet er på om lag 8 dekar og ligg sentralt på Straume. Formålet med planen er å bygga opp under fortettinga rundt regionsenteret på Straume, ved å legga til rette for mellom 56 og 73 bustadeiningar i blokker og eventuelt nokre rekkjehus, rett sør for Sartor Storsenter.

Dokument

Klage

Klagefristen er tre veker etter kunngjeringsdato, frå 12.03.19. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til
Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema.

Elektronisk skjema

Verknader av planen

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.


Sist endret: 08.03.2019