Facebook ikon Twitter logo Print side

Maimyra - Brattholmen

Offentleg ettersyn av detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 3 m. fl. - Brattholmen (PlanID: 20160011).

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 05.02.2019 i sak KPU 5/19, godkjent at framlegg til detaljregulering for Detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 3 m. fl. - Brattholmen, (PlanID: 20160011), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 3 m. fl. - Brattholmen.

Planområdet er på om lag 29 dekar og ligg på Brattholmen. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for totalt 72 bustader i form av rekkehus og leilegheitsbygg med tilhøyrande vegar, gangvegar, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 19.02. – 02.04.2019.

Merknader

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 02.04.2019.

Elektronisk skjema


Sist endret: 15.02.2019