Facebook ikon Twitter logo Print side

Ranen - Foldnes

Offentleg ettersyn av detaljregulering for Ranen gnr. 36, bnr. 7 m. fl. - Foldnes (PlanID: 20130004)

I samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

Detaljreguleringsplan for Ranen gnr. 36, bnr. 7 m. fl. - Foldnes (PlanID: 20130004).

Planområdet er på om lag 15,5 dekar og ligg på Foldnes, om lag 3 km nord for Straume. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for konsentrert bustadbygging og fortetta i eksisterande bustadmiljø på Foldnes. Planframlegget opnar for etablering av 17 bustadeiningar med tilhøyrande vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 06.09. – 18.10.19

Merknader

Eventuelle merknader til planen kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 18.10.19.

Elektronisk skjema


Sist endret: 03.09.2019