Facebook ikon Twitter logo Print side

Snekkevikvegen - Snekkevika

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for Snekkevikvegen, gnr. 43, bnr. 5 m. fl. – Snekkevika.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Wenche Snekkevik, Torill Algrøy og Lars Steinar Snekkevik er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Planområdet ligg langs Snekkevikvegen og strekk seg i retning av Pollen/sjø i aust og mot grøntområde i vest. Planområdet ligg i eit etablert bustadområde med tilgrensande grøntområder. Ein finn elles i området hovudsakeleg einebustader, men også tomannsbustader og leilegheitsbygg. Langs sjøkanten ligg det også nokre naust. Planavgrensinga vil truleg bli noko justert og gjerne innskrenka noko i det vidare planarbeidet. Området er i kommuneplanen avsett til bustader og LNFR. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planområdet er på om lag 46,4 daa.

Dokument

Formålet med reguleringa

Føremålet med planen er å leggje til rette for bustader med tilhøyrande infrastruktur. Ein har ikkje bestemt seg for bustadtype endå eller sett på antal einingar, men ein ser gjerne for seg bustader i form av rekkehus, fleirmannsbustader og eventuelt einebustader

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:
Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen

Merknader kan også sendast på e-post til: post@ardarealplan.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 25.10.19 

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 18/1135 


Sist endret: 11.09.2019