Facebook ikon Twitter logo Print side

Søra Sundet - Knappskog

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Søra Sundet gnr 30/687 m.fl. – Knappskog (PlanID: 20140009).

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 02.04.2019 i sak KPU 30/19, godkjent at framlegg til detaljregulering for Søra Sundet gnr 30/687 m.fl. –Knappskog (PlanID: 20140009), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Planområdet er på om lag 13,5 dekar, og ligg på Knappskog, like nord for bustadfeltet på Areknappen. Planframlegget opnar for etablering av 12 nye naust, kai, småbåtanlegg for inntil 2 båtplassar, parkeringsplass og infrastruktur.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 14.05.19 – 25.06.19.

Merknader

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 25.06.19.

Elektronsik skjema


Sist endret: 10.05.2019